Wilson Boit Kipketer
| Wilson Boit Kipketer | |
| Statsborgarskap | Kenya |
| Fødd | 6. oktober 1973 (52 år) Kenya |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Sommar-OL 2000 |
Wilson Boit Kipketer (fødd 6. oktober 1973) er ein kenyansk tidlegare friidrettsutøvar som vart verdsmeister i 3 000 meter hinder i 1997 og vann sølvmedaljen i øvinga både ved VM 1999 og OL 2000.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Den 6. august 1997 vann Kipketer hinderløpet i VM i Aten på tida 8.05,8. Han spurtslo verdsrekordhaldar Moses Kiptanui og Bernard Barmasai, begge to landsmenn av Kipketer. Nøyaktig ei veke seinare forbetra Kipketer i Zürich den to år gamle verdsrekorden på 3 000 meter hinder med eitt tidels sekund til 7.59,0. Verdsrekorden vart ståande i berre elleve dagar, til Barmasai i Köln sprang i mål på 7.55,7.
Både i VM 1999 og Sommar-OL 2000 vann Kipketer sølv på 3000 meter hinder. I begge tevlingane vart han slått i spurten av ein landsmann ved etternamn Kosgei, i 1999 Christopher og i 2000 Reuben.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wilson Boit Kipketer» frå Wikipedia på engelsk, den 29. juli 2017.