Hopp til innhald

Wilson Kipketer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wilson Kipketer

StatsborgarskapKongeriket Danmark
Fødd12. desember 1972 (53 år)
Kapchemoiywo
Yrkemellomdistanseløpar, friidrettsutøvar
Språkengelsk
Høgd172 centimeter
Wilson Kipketer på Commons

Wilson Kipketer Kosgei (fødd 12. desember 1972) er ein kenyansk tidlegare friidrettsutøvar frå landsbyen Kapchemoyiwo i Kenya som representerte Danmark. Han vart verdsmeister på 800 meter tre gongar på rad; 1995, 1997 og 1999. I 2000 vann han OL-sølv og 2004 OL-bronse på same distansen. Sommaren 1997 forbetra Kipketer verdsrekorden to gongar, fyrst med eit halvt sekund til 1.41,24 i Zürich, og deretter den 7. juli til 1.41,11 i Köln. Rekorden vart sletta av David Rudisha i 2010.