Wimme Saari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Wimme)
Wimme Saari

Fødd1959 (65 år)
FødestadKelottijärvi
OpphavFinland
SjangerJoik
Instrumentvokal
Verka somsongar, skodespelar, joiker
Gift medTellu Turkka
PrisarÁillohaš musikkpris

Wimme Saari (døypenamn Frans Wilhelm Saari, artistnamn Wimme; fødd i 1959) er ein særeigen og internasjonalt anerkjend samisk joikar og musikar frå Kelottijärvi, Enontekis i Finland.

Med ein særmerkt stemmebruk kombinerer Wimme tradisjonell samisk joik med jazz- og rockinspirerte improvisasjonar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Wimme Saari voks opp i ein reindriftsfamilie, både faren og den eldre broren hans var aktive innan reindrift. Foreldra joika ikkje, men Wimme lærte seg den lokale, nordsamiske måten å joika på ved å lytta til radio og album. Allereie ved 15 års alder komponerte han den fyrste joiken sin, og heldt konsertar som trubadur og joikar.

I 1986 blei Saari ansvarleg for arkivmaterialet til den finske kringkastinga YLA (Yleisradio), og i desse arkiva fann han mellom anna opptak av joikane til onkelen sin frå 1963. Som eit resultat freista han å eksperimenterte med jazz og joik saman med andre musikarar. Han gav seinare uttrykk for at desse musikalske eksperimenta var mislykka, men likevel ei verdifull erfaring.[1]

Erfaringane tok han med seg inn i det langvarige samarbeidet med bandet RinneRadio, og musikarane Tapani Rinne og Jari Kokkonen. Fyrst i 1995 realiserte dei Wimme Saari sin solodebut Wimme. Albumet fekk prisen Årets Folk album i Finland.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Wimme Saari albumdebuterte som joikar, musikar og komponist på albumet Dance and Visions i 1990 med jazz- og elektronikabandet Rinneradio. Sidan følgde RinneRadio-albumet Joik i 1992. Saari deltok òg som vokalist på RinneRadio sitt Unik i 1994.[2]

Arbeidet med å gje ut joiken «Texas» i 1996 og albumet Gierran i 1997 enda i ei felles utgjeving frå Wimme Saari og RinneRadio kalla File Under: Finnish Ambient Techno Chant.[3]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Mun, 2010
  • Gápmu, 2003
  • Bárru, 2003
  • Cugu, 2000
  • Gierran, 1997
  • Texas, 1996 (EP)
  • Wimme, 1995

Wimme har òg deltatt på albuma til andre musikarar, til dømes Hedningarna, Nits og Hector Zazou.

Film- og teatermusikk[endre | endre wikiteksten]

Wimme Saari komponerte musikken til framsyninga «1852» ved Beaivváš Sámi Teáhter i 2008.[4] Han har også komponert musikken til fleire samiske filmar:[5]

  • Bázo, 2003
  • Umur, 2002
  • Ságojoga ministtar, 1997

I 2009 produserte den finske regissøren Juha Iisak Koivisto den 30 minutt lange dokumentaren Wimme,[6] som blei vist under den samiske internasjonale filmfestivalen i Kautokeino. Filmen handlar om samisk joik, samisk historie og den musikalske filosofien til Wimme Saari.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 1996 vann Wimme Áillohaš musikkpris, ein samisk musikkpris gjeven av Kautokeino kommune og Kautokeino sameforeining for viktige bidrag til det samiske musikklivet.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic.com, Wimme Saari, biografi.
  2. Rinneradio Arkivert 2010-04-17 ved Wayback Machine., diskografi.
  3. Discogs.com, File Under: Finnish Ambient Techno Chant.
  4. Beaivváš Sámi Teáhter[daud lenkje], om forestillingen «1852».
  5. Beaivváš Sámi Teáhter[daud lenkje], kunstnerisk ledergruppe «1852».
  6. Sámi Film Festival Arkivert 2009-03-11 ved Wayback Machine., program 2009.
  7. Hætta, Wenche Marie. «Hvem-Hva-Når om Sámi Grand Prix» (på norsk). NRK. Henta 2. august 2021.