Windows 7
Utviklar: | Microsoft | |
Utgjeve: | 22. juli 2009, 22. oktober for vanlege brukarar | |
Siste versjon: | 6.1 (Bygg 7600) (7600.16385.090713-1255[1]) | |
OS-familie: | Microsoft Windows | |
Type kjerne: | Hybrid | |
Lisens: | MS-EULA | |
Nettside: | Offisiell netstad |
Windows 7 er ei tidlegare utgåve av operativsystemet Microsoft Windows som kom på marknaden i 2009[2]. Windows 7 erstatta Windows Vista og vart erstatta av Windows 8 i 2012. Frå og med 14. januar 2020 har ikkje Microsoft retta feil i Windows 7[3].
Utviklinga[endre | endre wikiteksten]
Blackcomb skulle eigentleg vere etterkomaren til Windows XP (Whistler). Store funksjonar var planlagde for Blackcomb, men ei mindre utgåve ved kodenamn «Longhorn» vart gjort kjend. Denne skulle koma i 2003 og Blackcomb-utviklinga var utsett.[4] I 2003 hadde Longhorn teke over nokre av funksjonane som var planlagde for Blackcomb. Etter at det kom tre store virus for Windows i 2003, måtte Microsoft leggja om prioriteringa for utvikling og Longhorn vart sett på vent slik at Microsoft fekk tid til å laga nye oppdateringar til Windows XP og Windows Server 2003. Longhorn-utviklinga vart dessuten starta opp att frå botnen i august 2004 og soleis utsett igjen. Fleire funksjonar måtte kuttast ut.[5]
Maskinvarekrav[endre | endre wikiteksten]
Microsoft spesifiserte minstekrava til maskinvare for Windows 7.[6] Krava for 32-bitarsutgåva er ganske uendra, men krava for 64-bitersutgåva er høgare.
Arkitektur | 32-bitar | 64-bitar |
---|---|---|
CPU-snøggleik | 1 GHz | |
Minne (RAM) | 1 GB | 2 GB |
Grafikkort | Støtte for DirectX 9 og 128 MB grafikkminne (for Windows Aero) | |
Ledig plass på platelager | 16 GB | 20 GB |
Optisk stasjon | DVD-stasjon (berre til installering frå DVD/CD) |
Ekstra krav til å nytta somme funksjonar:[6]
- BitLocker krev Trusted Platform Module (TPM) 1.2 og ein minnepinne for å nytta BitLocker To Go
- Windows XP Mode krev enda ein GB med minne, enda 15 GB plass på platelageret og ein prosessor som kan i stand til maskinvarevirtualisering med Intel VT eller AMD-V aktivert.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjeldetilvisingar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Windows 7 and Windows Server 2008 R2 Officially RTM At Build Version 6.1.7600.16385 (engelsk)». Arkivert frå originalen 2013-05-17. Henta 23. juli 2009.
- ↑ B. LeBlanc, Windows 7 Has Been Released to Manufacturing , Microsoft, 22. july 2009.
- ↑ Support for Windows 7 has ended, Microsoft.
- ↑ Lettice, John (24. oktober 2001). «Gates confirms Windows Longhorn for 2003 (engelsk)». The Register. Henta 5. mars 2008.
- ↑ «Microsoft cuts key Longhorn feature (engelsk)». Todd Bishop. Hearst Seattle Media, LLC. August 28, 2004. Henta 25. mars 2009.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 «Windows 7 system requirements». Microsoft.