Windows Mail

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Windows Mail er eit program for e-post og nyheitsgrupper, som er inkludert i Windows Vista . Det er etterkomaren til Outlook Express.

I motsetnad til Outlook Express, er ikkje Windows Mail ein del av Internet Explorer. Difor vil det ikkje bli gjort tilgjengeleg for tidlegare Windows-operativsystem, medan Internet Explorer 7 vart gjort tilgjengeleg for Windows XP.

Windows Mail er blitt følgd av Windows Live Mail, som vart bygd av det same teamet som Windows Mail for å erstatte Outlook Express. Windows Live Mail er eit alternativ til Outlook Express for brukarar av Windows XP.

Skilnad frå Outlook Express[endre | endre wikiteksten]

Nye funksjonar[endre | endre wikiteksten]

Windows Mail har berre nokre små, synlege endringar, som Vista-utsjånad og nokre Outlook 2003-funksjonar. Det er likevel større skjulte endringar i programmet.

Windows Mail brukar IPv6 viss det er mogleg for e-postserveren å bruke det. Meldingar lagrast no i enkelte filer i staden for ei enkelt databasefil. Databasen mogleggjer søk i sanntid og betrar stabiliteten til lagra data. Kontoinformasjonen er ikkje lenger lagra i registeret, den er i staden lagra i sjølve e-postkonfigurasjonen, noko som gjer det mogleg å kopiere heile konfigurasjonen og e-posten i eit enkelt steg. Eit phishing-filter har blitt lagt til for å verne brukarar frå sider som har blitt identifisert som vondsinna. Dessutan har det ei ferdig tillaga lenkje til Microsoft Nyhetsgrupper.

Fjerna funksjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein kan ikkje lenger som i Outlook Express ha fleire e-postkontoar i same program. I staden må ein opprette ein ny brukarkonto på datamaskina for kvar e-postkonto.

HTTP-klientar er ikkje lenger støtta av Windows Mail. Windows Live Mail vil difor vere eit betre val om ein treng denne funksjonen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]