Święty Krzyż-voivodskapet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Święty Krzyż
voivodskap
Flagg
Symbol
Land  Polen
Hovudstad Kielce
Areal 11 672 km²
Folketal 1 241 546 (2018)
Kart
Święty Krzyż-voivodskapet
50°45′00″N 20°46′00″E / 50.75°N 20.766666666667°E / 50.75; 20.766666666667
Kart over fylka i voivodskapet.
Kart over fylka i voivodskapet.
Kart over fylka i voivodskapet.
Wikimedia Commons: Świętokrzyskie Voivodeship

Święty Krzyż-voivodskapet (polsk województwo świętokrzyskie eller berre świętokrzyskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg sør i sentrale område av Polen i den historiske provinsen Veslepolen. Det har fått namn etter Świętokrzyskiefjella og hovudstad og største by er Kielce.

Det grensar til Masoviske voivodskap i nord, Lublin-voivodskapet i aust, Subkarpatiske voivodskap i søraust, Veslepolske voivodskap i sør, Schlesiske voivodskap i sørvest og Łódź i nordvest.

Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Kielce og vestlege delar av Tarnobrzeg. Det dekkjer eit areal på 11 672 km² og er det nest minste av voivodskapa etter Opole. I 2018 hadde voivodskapet 1 241 546 innbyggjarar.

Byar og landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Voivodskapet har 31 byar og landsbyar. Folketala under er frå 2006 [1]:[daud lenkje]

1. Kielce (207 718)
2. Ostrowiec Świętokrzyski (73 937)
3. Starachowice (53 092)
4. Skarżysko-Kamienna (49 131)
5. Sandomierz (25 088)
6. Końskie (20 667)
7. Busko-Zdrój (17 297)
8. Jędrzejów (16 577)
9. Staszów (15 499)
10. Pińczów (11 886)
11. Włoszczowa (10 782)
12. Suchedniów (8 911)
13. Połaniec (8 316)
14. Opatów (6 846)
15. Sędziszów (6 813)
16. Stąporków (5 986)

17. Kazimierza Wielka (5 730)
18. Ożarów (4 816)
19. Chęciny (4 252)
20. Chmielnik (4 005)
21. Małogoszcz (3 943)
22. Ćmielów (3 172)
23. Kunów (3 127)
24. Daleszyce (2 800)
25. Wąchock (2 760)
26. Koprzywnica (2 531)
27. Bodzentyn (2 241)
28. Osiek (1 955)
29. Zawichost (1 853)
30. Skalbmierz (1 323)
31. Działoszyce (1 068)

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Święty Krzyż-voivodskapet er delt inn i 14 fylke (powiat), som er eitt byfylke og 13 landfylke. Desse er igjen delt inn i 102 kommunar (gmina).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Święty Krzyż-voivodskapet