Hopp til innhald

Wolfenbüttel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wolfenbüttel
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Niedersachsen
Landkreis Wolfenbüttel
Høgd 77 m
Areal 78,74 km²
Folketal 53 034 (31. desember 2023)
Først nemnd i 1118
Postnummer 38300, 38302, 38304
Retningsnummer 05331
Bilnummer WF
Kart
Wolfenbüttel
52°09′44″N 10°32′13″E / 52.162222222222°N 10.536944444444°E / 52.162222222222; 10.536944444444
Wikimedia Commons: Wolfenbüttel

Wolfenbüttel er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 55 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Oker om lag 13 km sør for Braunschweig. Han er administrasjonsstad for landkreisen Wolfenbüttel og bispsesete for den lutherske statskyrkja i Braunschweig. Han er òg den sørlegaste av 172 byar i Nord-Tyskland som har eit namn som endar med büttel, som tyder «bustad».

Det er ikkje kjend kortid Wolfenbüttel vart grunnlagd, men han vart først nemnd i 1118 som Wulferisbutle. Dei første busetnadane låg sannsynlegvis på ei lita øy i Oker.

Wolfenbüttler Schloss i Wolfenbüttel.

Wolfenbüttel vart residens for hertugen av Braunschweig i 1432. Dei neste tre hundreåra voks byen og vart eit senter for kunst, og personar som Michael Praetorius, Gottfried Leibniz og Gotthold Ephraim Lessing budde her. Hertughoffet flytta etter kvart tilbake til Braunschweig i 1753 og Wolfenbüttel vart mindre viktig.

Slaget ved Wolfenbüttel under trettiårskrigen vart utkjempa her i juni 1641, då svenskane under Carl Gustaf Wrangel og Hans Christoff von Königsmarck slo austerrikarane under Erkehertug Leopold av Habsburg.

  • Grunow, Heinz and Wessel, Wolfgang. Wolfenbüttel: ein Bildband. Grenzland-Verlag Rock & Co., Wolfenbüttel. 1977

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Wolfenbüttel