Wyandotar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gruppebilde av «Huron-Wendat» frå 1880.

Wyandotor, wendat eller huronar, er eit indianerfolk i Nord-Amerika som opphavleg var busett i områda som ligg i det som i dag er Ontario og Québec i Canada. Dei første franske oppdagingsreisande kalla medlemmane av wyandotføderasjonen for huronar; det er omstridd kva det namnet kjem av. Kjernelandet deira vart kalla Wendake.

Språka deira høyrde til den irokesiske språkfamilien, men er i dag utdøydd. Det finst om lag 8000 etterkommere spreidd over Nord-Amerika. I Québec er det ca 3000 som har fransk som førstespråk, medan ca 4000 med engelsk som førstespråk lever i Kansas og Oklahoma. Ei lita gruppe lever stadig i det sørlege Ontario og Michigan.

Før 1900[endre | endre wikiteksten]

I likskap med andre stammar av irokesergruppa organiserte wyandotane seg i ein konføderasjon med nært nærskylde stammar. Denne nasjonen bestod primært av:

  • Arendarhonon
  • Tahontaenrat
  • Attigneenongnahac
  • Attignawantan
  • Ataronchronon

Allereie lengje før engelskmennene og tilkoma til franskmennene hadde wyandotane vore i konflikt med irokesarane mot sør. Då dei europeiske kolonimaktene vart involvert vart denne konflikten intensivert. Dei franske handelsfolka allierte seg med wyandotane, medan engelske nybyggjarar gjekk i forbund med irokesarane. Europeisk våpenteknologi gjorde kampane særs blodige, og omkring 1650 hadde irokesarane nestan utsletta wyandotane. Deretter flykta den vestlegaste gruppa av dei mot vest, og slo seg ned i Ohio og Michigan. Størstedelen av denne gruppa vart på 1800-talet forflytta til indianerreservat i Kansas og Oklahoma.

Wyandotane var på 1500-talet jordbrukarar som budde i forskansa landsbyar som vart forlatne når jorda var utpint. Dei beherska lagerteknologiar og vart med det relativt velståande. Overskotet vart brukt på handel med nabostammer, blant anna tobakk.

På 1700-talet allierte wyandotane seg først med britane og så med franskmennene i den lange rekkja av kolonikrigar som prega Nord-Amerika i denne perioden. Under den franske og indianske krigen var wyandotane allierte med franskmennene og kom etterpå til å få ansvaret for massakren på dei angloamerikanske krigsfangane etter slaget ved Fort William Henry.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wyandotar