Irokesiske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Irokesiske språk
Vidare inndeling:
Område: Austlege Nord-Amerika
Glottolog: iroq1247

Iroquoian langs.png
Utbreiinga til dei irokesiske språka i Nord-Amerika ca. 1535.

Irokesiske språk er ein nordamerikansk språkfamilie som mellom anna cherokesisk, mohawk og det utdøydde mingospråket høyrer til.

Språkfamilien består av 9 språk, i tillegg til åtte eller fleires språk som vart snakka ved tida for kontakt med europearane[1]. Cirka halvdelen av språka i familien har altså døydd ut etter at europearane kom til Nord-Amerika.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Språkfamilien kan delast i to greiner: Sørirokesisk, som består av cherokesisk, og nordirokesisk, som består av seneca, cayuga, onondaga, oneida, mohawk, wendat (huron), wyandot (petun), og tuscarora. Den indre inndelinga av nordirokesisk er omstridd (sjå Julian 2010, Schillaci m.f. op.cit.), men alle er samd om å gruppere oneida og mohawk i lag.

Schillaci har følgjande inndeling, der hovudgruppene er ordna frå nord til sør, og undergruppene frå aust til vest:


Nordirokesisk 




wyandot



wendat









seneca



cayuga




onondaga







oneida



mohawk







tuscarora



 Sørirokesisk 

cherokesisk


Grammatiske særtrekk[endre | endre wikiteksten]

Dei irokesiske språka markerer grammatiske relasjonar på verbet, som kongruerer med subjektet og objektet i person og numerus, til skilnad frå t.d. indoeuropeiske språk, der grammatiske relasjonar blir markert med kasus på substantiva. Substantivmorfologien i dei irokesiske språka er enkel[2].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Schillaci m.fl. 2017 s. 2
  2. Mithun 2015

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Julian, Charles 2010. A history of the Iroquoian languages. (Doctoral dissertation, University of Manitoba; 596pp.)
  • Mithun, Marianne 2015: Grammaticalization and Polysynthesis: Iroquoian
  • Schillaci, Michael A, Craig Kopris, Søren Wichmann og Genevieve Dewar 2017: Linguistic Clues to Iroquoian Prehistory. Journal of anthropological research 73 (3) DOI: 10.1086/693055.