Wynental

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wynental
dal
Wyna en Suhr 038.jpg
Land Flag of Switzerland.svg Sveits

Wyna
47°22′50″ N 8°5′3″ E
Wikimedia Commons: Wyna

Wynental er dalen til elva Wyna og ligg hovudsakleg i kantonen Aargau i Sveits. Delar av dalen ligg òg i kantonen Luzern. Av kommunar i dalen finn ein Beinwil am See, Beromünster, Burg, Gontenschwil, Leimbach, Menziken, Neudorf, Oberkulm, Pfeffikon, Reinach, Teufenthal, Unterkulm og Zetzwil.

Elva Wyna er 32 km lang. Ho spring ut nord for Neudorf (LU) og renn nordover mellom Beromünster (LU) og Menziken før ho renn i hop med Suhre like nord for Suhr. Dalen er forholdsvis smal og er i snitt om lag 500 meter brei. Bratte åsar ligg på begge sider.

Liebegg slott

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 47°16′N 8°8′E