Wyspa Portowa
Hopp til navigering
Hopp til søk
Wyspa Portowa er ei øy mellom Gdańskbukta, Śmiała Wisła og Leniwka i Polen. Øya er ein del av byen Gdańsk og er delt inn i to delar:
- Stogi z Przeróbką, folketal 19 866, areal 16,9 km², folketettleik 1173
- Krakowiec-Górki Zachodnie, folketal 2301, areal 8,8 km², tettleik 261
Totalt folketal 22 167 og totalt areal 25,7 km²
Industri[endre | endre wikiteksten]
Øya er eit viktig industriområde. Gdańsk raffineri ligg her i tillegg til mange fasilitetar som høyrer til Gdańsk hamn.
Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]
Wisłoujście er ei festning frå 1600-talet som brukte å halde vakt over munningen til hamna i Gdansk. Staden der den andre verdskrigen vert rekna for å starte, Westerplatte, ligg òg her.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Port Island (Gdańsk)» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mai 2008.