Gdańskbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 54°28′59″N 18°57′31″E

Gdańskbukta
bukt
Bay Gdansk 2006.jpg
Land Flag of Poland.svg Polen, Flag of Russia.svg Russland
Del av Austersjøen

Gdańskbukta
54°28′59″ N 18°57′31″ E
Bay of Gdańsk Zatoka Gdańska.png
Wikimedia Commons: Bay of Gdańsk

Gdańskbukta (polsk Zatoka Gdańska, kasjubisk Gduńskô Hôwinga; russisk Гданьская бухта Gdanskaja bukhta, tysk Danziger Bucht) er ei bukt søraust i Austersjøen. Han er kalla opp etter den nærliggande hamnebyen Gdańsk i Polen. Den austlege delen av bukta ligg i Kaliningrad oblast i Russland.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Den vestlege delen av Gdanskbukta er forma av den grunne Puckbukta. I den søraustlege delen ligg Wisłalagunen innanfor det smale Wisłaneset. Mellom Gdanskbukta og Wisłabukta går Balitysksundet.

Den polske delen av regionen ligg i regionen Pommerellen (Rozewie, Helahalvøya), medan den russiske delen ligg i Kaliningrad oblast (Sambiahalvøya). På kysten i bukta finn ein to svært lange landtunger, Helahalvøya og Wisłaneset. Den første dannar Puckbukta og den andre Wisłalagunen.

På det djupaste er bukta 120 meter og ho har ein salinitet på 0,7 %.

Dei store hamne- og kystbyane ved bukta er Kaliningrad, Gdańsk, Gdynia, Puck, Sopot, Hel, Primorsk og Baltiysk. Dei største elvane som munnar ut i Gdanskbukta er Pregolja og Wisła. Bukta mottar vatn frå Wisła via tre greiner, Leniwka, Śmiała Wisła og Martwa Wisła, og indirekte via Wisłalagunen med to greiner, Nogat og Szkarpawa.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bukta var åstad for eit sjøslag under invasjonen av Polen i 1939, som førte til den andre verdskrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]