Xbox Live
Xbox Live (varemerkeverna som Xbox LIVE[3]) er ei direktekopla leveringsteneste for fleirspelarmodus spele- og digitale medium. Tenesta er oppretta av og vert driven av Microsoft Corporation og er for tida den einaste direktekopla speletenesta for konsollar der brukarar må betale for å spele fleirspelarmodus gaming. Tenesta var fyrst tilgjengeleg for Xbox-konsollen i november 2002. Ein oppdatert versjon var tilgjengeleg for Xbox 360-konsollen etter at systemet blei lansert i september 2005. Tenesta er ein konkurrent til Sonys PlayStation Network.
Tenesta var utvida i 2007 for Windows-plattforma, og vart kalla Games for Windows – Live , noko som gjer dei fleste aspekt av systemet tilgjengeleg på Windows-maskinar. Microsoft har annonsert planar om å utvide live til andre plattformer, til dømes mobiltelefonar, som ein del av Live Anywhere-tiltaket.[4] På det nye mobile operativsystemet til Microsoft, Windows Phone, er Xbox Live- funksjonen med i Windows-telefonar som vart lansert frå slutten av 2010.[5] Xbox Live vart avslutta for den originale Xbox-konsollen i mai 2010.
Xbox Live er tilgjengeleg som både ei gratis- og abonnementsbasert teneste, kalla Xbox Live Free[6] og Xbox Live Gold. Gold-tenesta har fleire funksjonar. Før oktober 2010 var gratistenesta kalla Xbox Live Silver.[7]
Land Xbox Live er tilgjengeleg i[endre | endre wikiteksten]
I desse landa er Xbox Live tilgjengeleg.
|
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Xbox Live» frå Wikipedia på engelsk, den 12. august 2012.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
<references>
- ↑ "Countries with LIVE Service"
- ↑ "E32010: Xbox Live Rolling Out To Nine New Countries"
- ↑ "Microsoft Trademarks"
- ↑ "Imagine A Live Anywhere!"
- ↑ "Microsoft Unveils Windows Phone 7 Series"
- ↑ "Microsoft Renames Xbox Live Silver to 'Xbox Live Free'".
- ↑ "Xbox LIVE Membership | Xbox LIVE Subscription | Join Xbox LIVE"