Xbox

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om spelekonsollen gjeve ut i 2001. For etterfølgjaren, sjå Xbox 360.
Xbox
Xbox-Console-Set.png
Konsoll med handkontroll
Produsent Microsoft
Produktfamilie Xbox
Generasjon 6.
Utgjeve 2001 og 2002
Avvikla 2007 (Japan), 2008 (Europa)
2009 (Nord-Amerika)
Einingar selde 24 millionar
Medium CD, DVD
CPU Spesialtilpassa 733 MHz Intel Pentium III
«Coppermine-basert» prosessor
Lagring 8 eller 10 GB internt platelager,
8 MB minnekort
Minne 64 MB av DDR SDRAM ved 200 MHz
Grafikk 233 MHz nVidia NV2A
Mestseljande spel Halo 2, 8 millionar (mai 2006)
Etterfylgjar Xbox 360

Xbox er ein spelekonsoll utvikla av Microsoft. Han vart lansert den 21. november 2001 i Nord-Amerika, 22. februar 2002 i Japan og 14. mars 2002 i Europa. Konsollen konkurrerte med PlayStation 2 frå Sony, Sega Dreamcast (som vart tekan av markanden i Nord-Amerika før Xbox blei marknadsført) og Nintendo GameCube. Xbox var den fyrste konsollen som vart marknadsført av eit USA-amerikansk selskap etter at Atari Jaguar vart teken av marknaden i1996.

Den innebygde Xbox Live-tenesta som vart lansert i november 2002 gav spelarane tilgang til å spele over internett med breibandtilkopling.

Det er selt 24 millionar eksemplar av spelekonsollen. Salet av Xbox vart stogga i 2007 i Japan, i 2008 i Europa og i 2009 i Nord-Amerika. Det siste Xbox-spelet som kom ut var Madden NFL 09, som kom i august 2008. Etterfylgjaren til Xbox, Xbox 360, kom på marknaden i 2005. Xbox Live-tenesta blei avslutta 15. april 2010.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fire ingeniørar frå DirectX-teamet i Microsoft, Kevin Bachus, Seamus Blackley, Ted Hase og DirectX-lagsleiaren Otto Berkes demonstrerte i 1998 ein prototype av ein spelekonsoll basert på enkelte Dell-datamaskinar og Microsoft Windows-operativsystem.

Under utviklinga blei namnet på den opphavlege DirectX-boxsen forkorta til Xbox. Marknadsavdelinga til Microsoft likte ikkje Xbox-namnet og føreslo mange alternativ. Likevel synte forbrukartestar at Xbox-namnet vart føretrekt meir enn andre namn og "Xbox" blei namnet på det offisielle produktet.[2]

Microsoft forseinka konsollen fleire gonger. Han var fyrst nemnt av Microsofts dåverande administrerande direktør Bill Gates i eit interjuv i slutten av 1999.

Når Bill Gates lanserte Xbox på Game Developers Conference i 2000, vart publikum imponertw over teknologien i konsollen. Grunna den enorme populariteten av spelekonsollar i Japan, forsinka Microsoft lanseringa av Xbox i Europa for å fokusere på den japanske videospelmarknaden. Likevel var utgivinga av Xbox i Europa meir vellukka enn i Japan.

Populære lanseringsspel for konsollen var mellom anna Dead or Alive 3, Amped: Freestyle Snowboarding, Halo: Combat Evolved, Fuzion Frenzy, Project Gotham Racing og Jet Set Radio Future.

Etterfølgjar[endre | endre wikiteksten]

Etterfølgjaren til Xbox, Xbox 360, blei offentleggjort 12. mai 2005 på MTV og utgjeve i Nord-Amerika 22. november 2005. Salet av Xbox blei stogga i Japan i 2005, rett etter at 360 vart lansert, grunna dårleg sal i landet. Salet var mykje betre i Europa og Nord-Amerika, der salet av konsollen blei stogga høvesvis i slutten av 2008 og tidleg i 2009.

Xbox 360 støttar eit avgrensa tal av spela til Xbox, dersom spelaren har eit offisiell Xbox 360 platelagr. Xbox-spel blei selt fram til november 2009.

Tekniske spesifikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Xbox harddisk.
Xbox Motherboard.

Marknadsføring[endre | endre wikiteksten]

Sal[endre | endre wikiteksten]

Xboxen blei gjeve ut 15. november 2001 i Nord-Amerika og blei fort utseld. I følgje Microsoft har konsollen pr. 10. mai 2006 selt 24 millionar eksemplar over heile verda.[3] 16 millionar i Nord-Amerika, 6 millionar i Europa og 2 millionar i Japan.

Region Eksemplar selt
(10. mai 2006)
Fyrst tilgjengeleg
Nord-Amerika 16 million 15. november 2001
Europa 6 million 14. mars 2002
Japan 2 million 22. februar 2002
Heile verda 24 million

Xbox Live[endre | endre wikiteksten]

For egen artikkel, sjå Xbox Live.

Den 15. november 2002 lanserte Microsoft Xbox Live-tenesta. Her kunne abonnentane spele direktekopla Xbox-spel med andre abonnentar rundt om i verda og laste ned nytt innhald direkte til det innebygde platelagret. Den elektroniske tenesta fungerte berre med ei breibandstilkopling.

Omtrent 250 000 abonnentar meldte seg inn innan to månadar etter Xbox Live-lanseringa. [4] I juli 2004 hadde Xbox Live nådd ein million abonnentar, to million i juli 2005 og 3 million innan juli 2007. I mai 2009 var dette talet blitt til 20 million abonnentar. [5]

Marc Whitten kunngjorde i 5. februar 2012 på gamerscoreblog at Xbox Live-støtte for dei originale Xbox-spela ville bli avvikla 14. april 2010. [6] Tenesta blei stogga etter planen, men ei gruppe på tjue spelarar fortsette å spele i nesten ein månad etter ved å forlate konsollane sine innlogga på Halo 2. [7] APACHE N4SIR var den siste brukaren som spelte på den originale Xboxen si Live-tjeneste og blei omsider heilt stogga 11. mai 2010 kl 01:58 EDT (UTC-4). [8] [9]

Maskinvare og ekstrautstyr[endre | endre wikiteksten]

Spesielle avgrensa utgåver[endre | endre wikiteksten]

Xboxen kom ut i fleire versjonar enn den mest kjende grøne og svarte.[10] Her er nokre av dei.

Handkontroll[endre | endre wikiteksten]

Xbox controller S handkontroll
Original "Fatty" Xbox handkontroll

Xbox-kontrollaren har to analoge spakar, ein navigasjonsknapp, to analoge triggerar, ein angreknapp, ein startknapp, to utvidingsportar og seks 8-bits analoge handlingsknappar (A / Grøn, B / Raud, X / Blå, Y / gul og svarte og kvite knappar).[11]

Standard Xbox-kontrollaren (også kalla "Fatty"[12] eller "Duke"[13]) har blitt kritisert for å vere klumpete i høve til andre videospelkontrollar. Han blei tildelt "Blunder of the Year" av Game Informer i 2001, [14] ein «Guinness World Record» for den største kontrollaren i Guinness World Records Gamer-utgåva i 2008, og blei rangert som den 2. verste videospelkontrolleren nokon gong av IGN redaktør Craig Harris.[15]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

  1. "Xbox Press : A Letter from Marc Whitten: Discontinuation of Xbox LIVE for Original Xbox Games"
  2. Alexander, L., WebCite: Interview: Former Microsoft Exec Fries Talks Xbox's Genesis, WebCite, 14. august 2009.
  3. "Gamers Catch Their Breath as Xbox 360 and Xbox Live Reinvent Next-Generation Gaming". Microsoft. 10.mai 2006. Frå den [originale].
  4. Coleman, Stephen (2003-01-07). "Xbox Live Subscriptions Double Expectations". IGN.
  5. "Microsoft touts 30 million Xbox 360s sold, 20 million Xbox LIVE members".
  6. "Xbox Press : A Letter from Marc Whitten: Discontinuation of Xbox LIVE for Original Xbox Games". Xbox.com
  7. "People still playing Halo 2 somehow" Eurogamer.
  8. Warmoth, Brian. "Apache N4SIR Outlasts Every Other ‘Halo 2′ Player On Xbox Live". MTV Multiplayer. MTV Networks. 11. mai 2010
  9. Good, Owen. "The Last Man to Play Halo 2 on Xbox Live". Kotaku.com. 10. mai 2010
  10. Xbox special limited editions på engelsk wikipedia.
  11. "Innsida av ein Xbox 360-kontroller
  12. "Xbox 360 Wireless Controller Tour". IGN. "Den originale "Fatty" Xbox kontrolleren hadde ikkje eit spesielt offisielt namn." 13. mai 2005.
  13. "Xbox's original beast of a controller making a comeback?". CNET. 15.juni 2005 Retrieved "Alle som kjøpte den originale Xboxen då den vart gjeven ut oppdaga snart monsterumet av ein kontroll den haddde, no kalla "Duke".
  14. [Games of 2001. Game Informer (Januar 2002, pg. 48).]
  15. "Top 10 Tuesday: Worst Game Controllers". IGN. 21. februar 2006.
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.