Xhosa
- Denne artikkelen handlar om språket. For folkegruppa, sjå xhosaer.
xhosa isiXhosa | ||
Klassifisering | Niger-kongo-språk Atlantisk Volta-kongo-språk Benue-kongo-språk Bantoide språk Sørlege Eigentleg bantuspråk Xhosa | |
Bruk | ||
Tala i | Sør-Afrika Lesotho | |
xhosatalande i alt | 7 214 000[1] | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | xh | |
ISO 639-2 | xho | |
ISO 639-3 | xho | |
Wikipedia på xhosa |
Xhosa (utt. /ˈkǁʰoːsa/ (ⓘ), isiXhosa) er eit bantuspråk som blir tala i Sør-Afrika og Lesotho. Xhosa er eitt av elleve offisielle språk i Sør-Afrika, og blir brukt av om lag 7 214 000 menneske, eller nær 18 % av sørafrikanarar.[1] Ein som har xhosa som morsmål blir også kalla xhosa.
Som andre bantuspråk er xhosa eit tonespråk, der det ligg meiningsforskjellar i om tonen i eit ord er stigande, fallande, høg eller låg. Språket er også kjenneteikna av klikkelydar, ofte uttrykt som «xh» i byrjinga av eit ord, som i ordet «xhosa».
Fonologi
[endre | endre wikiteksten]██ < 1 /km² ██ 1–3 /km² ██ 3–10 /km² ██ 10–30 /km² ██ 30–100 /km² | ██ 100–300 /km² ██ 300–1000 /km² ██ 1000–3000 /km² ██ > 3000 /km² |
Konsonantar
[endre | endre wikiteksten]Xhosa er framfor alt kjent for klikklydane sine, sannsynlegvis eit lån frå san-språk (urfolksspråka i det sørlege Afrika). Tabellen listar opp fonema med IPA-verdiar og med bokstavane frå den offisielle rettskrivinga.
labial | Dental / alveolar |
postalveolar / palatal |
velar | glottal | |||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Sentral | latral | ||||||
Klikkelyd | enkel | [kǀ] c | [kǁ] x | [kǃ] q | |||
aspirert | [kǀʰ] ch | [kǁʰ] xh | [kǃʰ] qh | ||||
breathy voice | [ɡǀʱ] gc | [ɡǁʱ] gx | [ɡǃʱ] gq | ||||
nasal | [ŋǀ] nc | [ŋǁ] nx | [ŋǃ] nq | ||||
breathy voice, nasal | [ŋǀʱ] ngc | [ŋǁʱ] ngx | [ŋǃʱ] ngq | ||||
Plosiv | ejektiv | [p’] p | [t’] t | [tʲ’] ty | [k’] k | ||
aspirert | [pʰ] ph | [tʰ] th | [tʲʰ] tyh | [kʰ] kh | |||
breathy voice | [bʱ] bh | [dʱ] d | [dʲʱ] dy | [ɡʱ] g | |||
implosiv | [ɓ] b | ||||||
Affrikat | ejektiv | [ʦ’] ts | [ʧ’] tsh | [kx’] kr | |||
aspirert | [ʦʰ] ths | [ʧʰ] thsh | |||||
breathy voice | [ʤʱ] j | ||||||
Frikativ | Ustemt | [f] f | [s] s | [ɬ] hl | [ʃ] sh | [x] rh | [h] h |
breathy voice | [v̤] v | [z̤] z | [ɮ̈] dl | [ɣ̈] gr | [ɦ̤] hh | ||
Nasale | Stemt | [m] m | [n] n | [nʲ] ny | [ŋ] n’ | ||
breathy voice | [m̤] mh | [n̤] nh | [n̤ʲ] nyh | ||||
Approksimant | stemt | [l] l | [j] y | [w] w | |||
breathy voice | [l̤] lh | [j̈] yh | [w̤] wh |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen tok utgangspunkt i «Xhosa (språk)» frå Wikipedia på bokmål, den 7. november 2009.
- Konsonantar i Xhosa
- Fotnotar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kirsch, Beverly; Silvia Skorge, Sindiwe Magona 1999: Teach Yourself Xhosa London: McGraw-Hill