Yanbian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Plasseringa av Yanbian (gul) i Jilin
Dongbei, eit landområde ved Yanji, hovudstaden i Yanbian

Yanbian (kinesisk: 延边; pinyin: Yánbiān) er eit autonomt prefektur for koreanarar i provinsen Jilin i Folkerepublikken Kina. Prefekturet grensar i sør mot Nord-Korea, i aust Primorskij kraj-territoriet i Russland og i nord mot Heilongjiang-provinsen i Kina. Yanbian har eit areal på 43 509 km² og hadde knapt 2,3 millionar ibuarar i 2010. Hovudstaden, Yanji, ligg om lag midt i prefekturet.

Hankinesarar er den dominerande folkegruppa og utgjer 60,7% av befolkninga. Koreanarar er den andre store folkegruppa med sine 36,26%, medan mandsjuar utgjer 2,58%

Det autonome prefekturet Yanbian omfattar seks byfylke (市 shì) og to fylke (县 xiàn).

Soge[endre | endre wikiteksten]

Grunna fattigdom vandra koreanarar, i den siste fjerdeparten av 1800-talet, i store mengder inn i Yanbian frå den koreanske halvøya. Eit stykke ut på 1900-talet kom ei ny innvandringsbylgje med koreanarar. Mange av koreanarane deltok i den kinesiske borgarkrigen, flest for kommunisthæren. Koreanarane fekk ein eigen sjølvstyrt region i 1952, den gongen utgjorde dei om lag 60% av ibuarane i området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]