Yazdegird III av Persia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Yazdegird III av Persia
Yazdgardiii.jpg
Mynt med portrettet til Yazdegird III.
Konge av Persia
Fødd624
Død652
DødsstadMerv
FøregjengarHormizd VI

Yazdegird III, («skapt av gud» Izdegerdes) var konge av Persia som vart sett på trona i 632 etter ei rekkje interne konfliktar. Han var barneborn av Khosrau II, som vart myrda av sonen sin Kavadh II i 628.

Han var berre eit barn og kan aldri ha hatt reell makt. I dei første åra hans starta han den arabiske invasjonen av Persia, og i 637 avgjorde slaget om Kadisiya lagnaden til imperiet.

Ctesiphon vart erobra av arabarane, og kongen flykta til Media. Yazdegird flykta frå eit distrikt til eit anna, før han til slutt vart myrda ved Merv i 651. Parsiane som brukte den gamle persiske kalenderen, heldt fram å telje åra frå han kom på trona (Yazdegirds periode, starta 16. juni 632).

Dottera hans Shahr Banu gifta seg med barnebarnet til Muhammed, Husayn ibn Ali, og fødde den fjerde sjiaimamen, Ali Zayn al Abidin. Sonen hans Peroz flykta til Kina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]