Muhammed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For namnet, sjå namnet Muhammed.
Islam
Mosque02.svg
Sentrale personar
Muhammed

AliAisjaFølgjesveinene til MuhammedAndre profetar i islam

Geistlege
muaddhinimammullahayatollahmufti
Siyer-i Nebi 151b.jpg
Muhammed ved Kaba. Tyrkisk bokmåleri frå 1500-talet. Andletet til Muhammed vert sjeldan skildra i muslimsk kunst, ettersom dette blir sett på som blasfemisk.

Muhammed (Arabisk språk: محمد, fullt namn Muhammad ibn Abd Allah ibn Abd al-Muttalib ibn Haschim ibn Abd Manaf al-Qurayschi), fødd i Mekka i år 570 og død i år 632 i Medina, var ein arabisk politisk og religiøs leiar. Namnet kan òg verta skrive Muhammad, Mohammad, Mohammed, eller Mahomet. Muhammed vert i religionshistoria sett på som grunnleggjaren av religionen islam, nokre gonger kalla muhammedanisme, sjølv om muslimar berre ser på han som den siste og viktigaste i ei rekkje av muslimske profetar.

I islam er Muhammed rekna som profet, han vert difor ofte omtala som profeten Muhammed. Koranen er islam si heilage skrift og profeten Muhammed si openberring. For dei truande er Koranen Allah (Gud) sine ord i bokstavleg nemning, ein kopi av ei himmelsk bok «nedsend» til Muhammed via openberringar. Muhammed står sentralt i den muslimske truvedkjenninga sjahada: «Ikkje finst nokon annan gud enn Allah, og Muhammad er bodberaren åt Allah».

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Muhammed var son til Abdullah, og høyrde frå fødselen av til Quraysh-stammen i Mekka. Han vart tidleg foreldrelaus og voks derfor opp i huset til onkelen Abu Talib. Livssoga til Muhammed, sira'en, er uklår på mange punkt når det gjeld Muhammed sitt tidlege liv, men særs viktig for han var giftemålet med den rike kjøpmannsenka Khadija. Gjennom dette giftemålet blei Muhammed ein rik og respektert mann i Mekka. Han gjennomførte mange kjøpmannsferder til Syria og Palestina, og kom på det viset i kontakt med både kristendommen og jødedommen.

I 610, då han var rundt førti år gammal, skal han ha hatt eit syn medan han bad i grotta Hira nær Mekka. Seinare skildra han synet som ei vitjing av erkeengelen Gabriel, som bad han minnast og dela dei versa Gud sende han. Desse versa skulle seinare bli samla i Koranen. Engelen sa òg at Mohammed var blitt vald ut av Gud som den siste profeten blant menneska.

Muhammed tok etter kvart til å preika ein streng monoteisme og sa at folket i Mekka måtte slutte å tilbe andre gudar enn den eine guden Allah. I sterke ordelag åtvara han folk om at dommedag snart ville koma. Dei som ikkje underkasta seg Allah, ville gå ein forferdeleg lagnad i møte. Mange innbyggjarar i heimbyen Mekka likte dette dårleg. Særleg var dei forbitra over at Muhammed ville at dei skulle slutte å dyrke dei tradisjonelle gudane og at han, slik dei oppfatta det, hevda at alle forfedrane deira no blei brende i helvete fordi dei ikkje hadde trudd på Allah og på han aleine.

I 622 måtte Muhammed flykta frå byen. Han drog til Yathrib, seinare Medina (som tyder "Byen"), saman med dei som følgde han, og grunnla her det første muslimske samfunnet.

Då dei var blitt mange og sterke nok leia Muhammed trussamfunnet sitt i krig mot Quraysh-stammen i Mekka. Tre slag som er vidgjetne i den muslimske verda, slaget ved Badr, slaget ved Uhud og slaget ved Gravene, enda med at Quraysh-stammen blei utmatta og meir eller mindre gav opp den militære kampen mot Muhammed. I året 630 erobra han Mekka og la dei siste åra av livet sitt under seg store delar av Arabia. Då Mohammed døydde, hadde religionen spreidd seg utover heile den arabiske halvøya såvel som nordover til Syria og Palestina.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Muhammed
Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.