Yazdegird I av Persia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mynt med portrettet til Yazdegird.

Yazdegird I («skapt av gud» Izdigerdes) var konge av Persia 399421. Han var son av Shapor III og vart kalla «syndaren» av persarane.

Han var ein særs intelligent herskar som freista å frigjere seg frå makta til stormennene og magi-prestane. Han straffa adelsmennene strengt då dei freista undertrykking. Han stoppa forfølgingane av dei kristne og gav dei ein eigen organisasjon.

Han levde i fred og venskap med Austromarriket, og vart difor lovprist like mykje av bysantiske forfattarar som han vart skulda av persarane.

Etter eit styre på tjue år ser det ut til at han vart myrda i Khorasan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]