Year Walk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Year Walk
Year Walk (logo).png
Utviklar(ar)Simogo
Utgjevar(ar)Simogo
Forfattar(ar)Jonas Tarestad
Komponist(ar)Daniel Olsén, Jonathan Eng
Plattform(er)iOS, OS X, Microsoft Windows, Wii U
UtgjevingiOS
21. februar 2013
Microsoft Windows
6. mars 2014
OS X
3. april 2014
Wii U
17. september 2015
SjangerEventyr
SpelemodusEinspelar

Year Walk er eit eventyrspel utvikla og utgjeve av den svenske speleutviklaren Simogo. Det vart utgjeve i 2013 til iOS-einingar, i 2014 til Microsoft Windows og OS X, og i 2015 til Wii U.

Spelet er laust basert på ein eldgamal svensk skikk kalla «årsgång» og byrjar med at protagonisten Daniel Svensson vitjar elskarinna si, Stina. Ho ymtar om at ho har vorte fridd til og åtvarar spelaren om å gjere årsgång etter at søskenbarnet hennar døydde etter å ha delteke i aktiviteten. Daniel drar heim att, og førebur seg på å utføre årsgång likevel.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ein urovekkjande tur i skog og mark». Gamer.no. 6. mars 2014. Henta 31. juli 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]