Yerkes-observatoriet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yerkes-observatoriet

Yerkes-observatoriet er eit astronomisk observatorium i Williams Bay i Wisconsin i USA, om lag 140 km nordvest for Chicago. Det vart bygd av George Ellery Hale og finansiert av Charles T. Yerkes i perioden 1892 til 1897. Det høyrer til Chicago University.

Observatoriet er utstyrt med fleire instrument, mellom anna den største refraktoren i verda med ein objektivdiameter på 102 cm og ei brennvidde på 19 m. Frå 2006 har teleskopet berre vore nytta til undervisningsføremål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]