Ylem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ylem er ein hypotese framsett av George Gamow og medarbeidarar i 1940-åra om starttilstanden i universet. Dei tenkte seg at universet nokre sekund etter det oppstod bestod av ein varm nøytrongass som raskt ekspanderte. Alle atomkjernene kunne så oppstå ved reaksjonar i nøytrona og produkta som oppstod då desse vart spalta. I big bang-teorien byrjar utviklinga av universet med urstoffet, all eksisterande stråling og energi.

I dag prøver ein å forklare korleis energi i form av partiklar og stråling vart til.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]