George Gamow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
George Gamow
Bragg lab1 1930 (cropped).jpg
FøddГео́ргий Анто́нович Га́мов
4. mars 1904
Odessa i Det russiske keisardømet
Død19. august 1968 (64 år)
Boulder i Colorado i USA
NasjonalitetAmerikansk
Russisk
Områdeteoretisk fysikk, astrofysikk
Yrkeastrofysikar, fysikar, oppfinnar, skribent, kjernefysiker, universitetslærar, kosmolog
InstitusjonarUniversity of California, Berkeley
Alma materfakultet for fysikk og matematikk ved Universitetet i St. Petersburg
DoktorgradsrettleiarAlexander Friedmann
Kjend forKvantetunnelering
Kosmisk mikrobølgjebakgrunnsstråling
Big Bang
BarnIgor Gamow
MedlemDet sovjetiske vitskapsakademiet
American Physical Society

George Gamow (fødd Georgij Antonovitsj Gamov, fødd 4. mars 1904 i Odessa, død 19. august 1968) var ein sovjetiskamerikansk teoretisk fysikar og kosmolog.

Gamow studerte ved Universitetet i Leningrad og fekk sin doktorgrad i 1928. Han var ei tid på ulike fysikkinstitusjonar i Vest-Europa, særleg i København etter invitasjon frå Niels Bohr i 1931, før han vart kalla tilbake til Sovjetunionen og ei stilling ved Det sovjetiske vitskapsakademiet i Leningrad. Under eit besøk på Solvay-konferansen i Brussel i 1933 hoppa han av til vesten, og flytta til USA i 1934, der han fekk eit professorat ved George Washington University. Frå 1956 arbeidde han som professor ved University of Colorado.[1]

Gamow jobba først innan kjernefysikk, og utvikla teoriar for alfahenfall og betahenfall. Han deltok òg i Manhattanprosjektet og utviklinga av atomvåpen og utviklinga av ei hydrogenbombe.[1]

Innan kosmologi via Gamow seg til strukturen til stjernene og evolusjon, og utvikla saman med Ralph Alphen ein teori for den relative førekomsten til grunnstoffa (og presenterte det i Hans Bethes namn, og at han hadde bidrege til teorien, slik at han kunne bli kalla Alpha-Bethe-Gamow-teorien).[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Nationalencyklopedin, band 7 (1992), uppslagsordet George Gamow