Yngvar Ustvedt den eldre
Yngvar Ustvedt den eldre | |
![]() | |
Fødd | 29. april 1868 Aker |
---|---|
Død | 16. oktober 1938 (70 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Høgre |
Yrke | politikar, lege |
Institusjonar | Universitetet i Oslo |
Utdanna ved | Universitetet i Oslo |
Barn | Hans Jacob Ustvedt |
Nils Yngvar Ustvedt (29. april 1868–16. oktober 1938) var ein norsk lege og Høgre-politikar frå Vestre Aker (i dagens Oslo). Hans Jacob Ustvedt var sonen hans.
Ustvedt var son av ein teglverksdisponent. Sjølv vart han student i 1886, cand. med. i 1892 og dr. med. i 1900. Han var reservelege 1894-96 ved Ullevål epidemisjukehus, assistent 1896-98 ved universitetets hygieniske institutt. Frå 1898 var han sunnhetsinspektør i Kristiania med ansvar for epidemiske, tuberkuløse og veneriske sjukdomar. Frå 1909 var han også lærar i skulehygiene ved universitetets pedagogiske seminar.
Ustvedt sitt spesialfelt var epidemiologi, og han føretok fleire studiereiser i Europa, Tyskland og Italia, frå 1894 av. I 1901-02 reiste han til India for å lære meir om pest og kolera.
Ustvedt var aktiv Høgre-politikar, og var leiar for Den konservative Forening i Christiania (Oslo Høgre) frå 1908 til -10. Frå 1908-12 var han også medlem av sentralstyret i Høgre. Han sat i Kristiania bystyre i tida 1898-1904. Ustvedt var stortingsrepresentant 1913-15 for Uranienborg krins, medlem av budsjettkomiteen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Yngvar Ustvedt den eldre NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv