Høgre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For den politiske retninga, sjå høgresida. For andre tydingar, sjå høgre (fleirtyding).
Høgre
Høgre.svg
IdeologiKonservatisme,
liberalisme
Oppretta1884
Farge          Blå
PartileiarErna Solberg
UngdomsorganisasjonUnge Høgre
Internasjonal tilknytingDen internasjonale
demokratiske unionen
Europeisk tilknytingDet europeiske
folkepartiet
Ordførarar
76 / 428
Kommunestyre-
representantar
1 954 / 10 620
Fylkestings-
representantar
167 / 777
Stortings-
representantar
45 / 169
Medlemstal28 585
Nettstadhogre.no

Høgre (H) er eit liberalkonservativt politisk parti i Noreg. Høgre er den nest eldste partiorganisasjonen i landet, og blei skipa den 25. august 1884 som De Conservative Foreningers Centralstyre. Partiet set folkestyret, eigedomsretten, og den personlege fridomen høgt. Partiet identifiserer seg sjølv som eit borgarleg parti.

Leiaren i Høgre er Erna Solberg (2004-). Partiet har to nestleiarar; Bent Høie og Jan Tore Sanner.

I perioden 2013–2017 har Høgre 48 representantar på StortingetTrond Helleland og Nikolai Astrup er høvesvis parlamentarisk leiar og nestleiar. Høgre er det nest største partiet på Stortinget, etter Arbeiderpartiet. Etter stortingsvalet i 2013 danna partileiar Erna Solberg ei regjering saman med Framstegspartiet.

Partiet har tre sideorganisasjonar: Unge Høgres Landsforbund, Høgres Studenter og Senior Høyres Landsforbund

Historie[endre | endre wikiteksten]

De Conservative Foreningers Centralstyre vart skipa den 25. august 1884, etter innføringa av parlamentarismen i Noreg. Emil Stang vart vald til fyrste formann i partiet. I 1913 endra det namn til Høgre (Høire).

Oppsluttinga om Høgre har variert mykje. Størst del av røystene hadde Høgre i 1894 då 49,4 % røysta på Høgre. Høgre har aldri hatt reint fleirtal på Stortinget. Høgre gjekk attende i mellomkrigstida, mellom anna av di nye parti kom til. Frå 1945 til 1970 auka oppslutninga om partiet, og skaut fart etter valet i 1973. Valet i 1981, der Høgre fekk 31,7 % oppslutnad var det beste valet sidan 1924. Kåre Willoch stod i spissen for Høgrebølgja i norsk politikk. Ved valet i 1997 fekk Høgre 14,3 % av røystene, det dårlegaste valresultatet til då etter 1945. Partiet gjorde eit godt val i 2001, og kom i regjering saman med Kristeleg Folkeparti og Venstre. Stortingsvalet i 2005 vart eit nytt dårleg val for Høgre, som vart passert av Framstegspartiet og dermed vart berre tredje størst på Stortinget.

Ved fylkestingsvalet 2007 fekk partiet 18,8 % av røystene.

Stortingsval 1936–2017[endre | endre wikiteksten]

Oppslutninga om Høgre i dei ulike fylka ved stortingsvalet 2005
Årstal Prosent av røystene
1936 21,3%
1945 17,0%
1949 17,9%¹
1953 18,8%¹
1957 18,9%¹
1961 20,0%¹
1965 21,1%¹
1969 19,6%¹
1973 17,4%¹
1977 24,8%¹
1981 31,7%
1985 30,4%
1989 22,2%
1993 17,0%
1997 14,3%
2001 21,2%
2005 14,1%
2009 17,2%
2013 26,8%
2017 25,0%

¹ Ved desse vala stilte Høgre felleslister med eit eller fleire av partia Kristeleg Folkeparti, Venstre eller Bondepartiet, dette talet er eit overslag med røystene til felleslistene fordelt på dei einskilde partia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne politikkartikkelen som har med Noreg å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.