Yttrialitt-(Y)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yttrialitt-(Y)

Generelt
KategoriMineral
Kjemisk formel(Y,Th)2Si2O7

Yttrialitt-(Y) er eit sjeldant yttrium-thorium-sorosilikatmineral med same kjemiske samansetnad som keiviitt-(Y) (Y,Th)2Si2O7. Det opptrer alltid i metamikt tilstand og er sterkt radioaktivt på grunn av thoriuminnhaldet.

Det vart først skildra i 1889 i Texas. I Noreg kjenner ein mineralet frå granittpegmatitt i Iveland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«yttrialitt-(Y)» i Store norske leksikon, snl.no.