Zannone

Koordinatar: 40°58′N 13°3′E / 40.967°N 13.050°E / 40.967; 13.050
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zannone
øy
Land  Italia
Del av Dei pontinske øyane
Areal 0,9 km²
Folketal 0
Kart
Zannone
40°58′00″N 13°03′00″E / 40.966666666667°N 13.05°E / 40.966666666667; 13.05
Zannone og Dei pontinske øyane
Zannone og Dei pontinske øyane
Zannone og Dei pontinske øyane
Wikimedia Commons: Zannone

Zannone er ei øy i Tyrrenhavet utanfor vestkysten av Italia og ein del av Dei pontinske øyane. Øya har eit areal på om lag 1 km² og ligg 10 km frå Ponza.

Ho er ein del av Circeo nasjonalpark på grunn av den vakre naturen og fleire sjeldne biotopar. Øya er ikkje busett, men Skogsvesenet har tilsyn med ho og har ein stasjon og har ein liten utdanningsutstilling på toppen av Monte Pellegrino, den høgaste punktet på øya. På øya ligg òg ruinane av eit benediktinarkloster for nonner frå 1200-talet. Det er ingen turistfasilitetar og det er ikkje lov med camping eller overnatting. Ein treng derimot ingen spesielle løyver for å vitje øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

40°58′N 13°3′E / 40.967°N 13.050°E / 40.967; 13.050