Zara SA
Zara SA | |
![]() | |
![]() | |
Selskapsform | børsnotert selskap ![]() |
---|---|
Skipa | 1975 | (som Zorba)
Morselskap | Inditex ![]() |
Eigar | Inditex |
Bransje | Tekstilindustri, konfeksjonsindustri, detaljhandel |
Produkt | klede ![]() |
Hovudkontor | La Coruña ![]() |
Grunnleggjar | Amancio Ortega |
Nettstad | https://www.zara.com/ |
Zara SA er ei spansk klesbutikkjede som sel «fast fashion».[1] Verksemda blei stifta i 1975 av Amancio Ortega og Rosalía Mera, og har hovudkvarter i Arteixo i A Coruña i Galicia. I 2019 hadde kjeda rundt 10 000 butikkar.[2]
Zara er hovudmerket til Inditex-gruppa,[3] som er den største klesseljargruppa i verda. Gruppa eig også merke som Massimo Dutti, Pull&Bear, Bershka, Stradivarius, Oysho, Zara Home og Uterqüe.
Kjeda sel klede for menn, kvinner og barn (Zara Kids). Ho har ei kjapp produksjonskjede som sender ut klede til butikkane to gonger i veka. Etter at eit produkt er designa kan det nå utsalsstaden i løpet av 10-15 dagar.[4] I 2017 hadde Zara opptil 20 kleskolleksjonar kvar år.[5] Alle kleda blir sende gjennom prosesseringssenteret i Spania der dei blir inspiserte, sorterte merka og lasta i lastebilar. Som regel er kleda framme innnan 48 timar. Zara produseret over 450 million varer per år.[6]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Zara is facing a massive threat that could jeopardize the business». businessinsider.de. Arkivert frå originalen 4. desember 2017. Henta 13. mars 2018.
- ↑ eCommerceDB, a Statista Company (2019). «General information about Zara company». eCommerceDB. Henta 19. februar 2019.
- ↑ «Global stretch». The Economist. 10. mars 2011. Henta 5. november 2015.
- ↑ The Future of Fashion Retailing: The Zara Approach 25. oktober 2012. Greg Petro. Forbes. Henta 5. april 2016
- ↑ «Looking good can be extremely bad for the planet». The Economist. Henta 16 April 2017.
- ↑ Zara's Fast-Fashion Edge. Susan Berfield and Manuel Baigorri. 14. november 2013. Bloomberg. Vitja 5. april 2016
- Denne artikkelen bygger på «Zara (retailer)» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juni 2019.