Zeami Motokiyo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Zeami Motokiyo
Fødd 1363
Iga-provinsen
Død

1443 (80 år)
Japan

Yrke skodespelar, skodespelforfattar, filosof, skribent, teaterskodespelar, impresario, komponist
Far Kanami
Born Motomasa Jūrō
Zeami Motokiyo på Commons

Zeami Motokiyo (ca. 1363–ca. 1443), òg kalla Kanze Motokiyo, var ein japansk estetikar, skodespelar og dramatikar.

Silkebroderi av ei scene frå soga om Takasogo frå 1800-talet.

Zeami lærte skodespelaryrket av faren Kanami, og vidarutvikla sarugaku-stykka hans til dramaforma no.[1]shogun Ashikaga Yoshimitsu fekk sjå dei opptre i 1374, avgjorde han at Zeami skulle få ei kunstutdanning ved hoffet, og utvikla eit nært forhold til guten. Han blei ein viktig mesén for teatertroppen som Zeami tok over etter faren i 1384, og byrja ein femhundre år lang tradisjon for at shogunen støtta no-teateret.[2]

Ein reknar med at Zeami skreiv over 50 skodespel. Blant dei var Izutsu, Hagoromo, Koi no omoni og Takasago. Stykka tek for seg krig, kjærleik, kunst, lidenskap og frelse, og har lyrisk tekst som utøvarane syng og dansar til.[1]

I tillegg til virket som skodespelar og dramatikar, og dei teoretiske verka Fūshi kaden òg kalla Kadensho, skreiv Zeami òg praktiske instruksjonar for skodespelarar og etablerte no-teateret som ei seriøs kunstform. Bøkene hans er òg fulle av estetiske standardar basert på den spirituelle kulturen i Japan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Zeami» (på engelsk). Oxford University Press. 1. januar 2010. ISBN 978-0-19-957419-3. doi:10.1093/acref/9780199574193.001.0001/acref-9780199574193-e-4325. 
  2. Louis Crompton (2003). Homosexuality and Civilization. Harvard University Press. s. 424.