Zikirti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Zikirti eller Zikirtu (òg kalla Zikirta, Zikurti eller Zekertu) var eit kongedøme i antikken (750-521 fvt.) nord i Zagros, som bestod av den austlege delen av Stor-Mannae. Geografisk samsvarar det med dei moderne fylka Takab og Shahindej nordvest i Iran.

Folket i Zikirti er kanskje identifiserte som det iranske oldtidsfolket sagartiar, som er nemnt av Herodot.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Iranica Online, «Asargarta», arkivert frå originalen 18. desember 2016, henta 6. mars 2021