Zagros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°40′N 47°00′E
Zagros
fjellkjede
none Dena, det høgaste punktet i Zagrosfjella
Dena, det høgaste punktet i Zagrosfjella
Land Flag of Iran.svg Iran, Flag of Iraq.svg Irak Flag of Turkey.svg Tyrkia
Høgd 4 409 moh
Koordinatar 33°40′N 47°00′E
Høgaste punkt Dena
Lengd 1 600 km [1]
Breidd 240 km [1]
Wikimedia Commons: Zagros Mountains

Zagrosfjella (farsi رشته كوه زاگرس, kurdisk زنجیره‌چیای زاگرۆس, Çiyayên Zagrosê, lurisk کۆیەلی زاگروس, gammalsyrisk ܛܘ̣ܪܵܢܹܐ ܕܙܵܓܪܘ̇ܣ, arabisk جبال زغروس, nyarameisk ܛܘܪ ܙܪܓܣ,) er den største fjellkjeda i Iran, Irakisk Kurdistan og det søraustlege Tyrkia. Fjellkjeda har ei samla lengd på 1 500 km og byrjar nordvest i Iran, nær den vestlege grensa i landet. Ho strekkjer seg vestover og sørvestover over heile Det iranske platået og endar ved Hormuzsundet. Det høgaste punktet i Zagrosfjella er Dena.

SRTM-bilete av Zagrosfjella

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Zagros vart danna då to tektoniske plater, den eurasiatiske og den arabiske plata. Denne kollisjonen skjedde hovudsakleg i miocen og folda berga som hadde vore avsett i karbontida og fram til miocen i geosynklinen føre den iranske plata. Prosessen føregår framleis og sidan den arabiske plata framleis vert pressa mot den eurasiatiske plata, vert Zagrosfjella og Det iranske platået høgare og høgare.

Zagrosfjella frå verdsrommet, september 1992[2]

Nyare GPS-målingar i Iran[3] har vist at denne kollisjonen framleis er aktiv.[4]

Ein veg gjennom Zagrosfjella i Irakisk Kurdistan

Zagrosfjella har eit fullstendig sedimentært opphav og består hovudsakleg av kalkstein.

Isbrear i Aust-Zagros[endre | endre wikiteksten]

Dena, det høgaste fjellet i Zagrosfjella, har framleis isbrear.

Fjella i Aust-Zagros, Kuh-i-Jupar (4135 moh), Kuh-i-Lalezar (4374 moh) og Kuh-i-Hezar (4469 moh) har ikkje isbrear i dag. Berre Zard Kuh og Dena har somme isbrear att. Før og under den siste istida var det derimot store isbrear her, med ein tjukkleik på meir enn 2 160 meter. Ein har funne spor etter ein 20 km lang isbre på nordsida av Kuh-i-Jupar med ein tjukkleik på 350-550 meter. Under nedbørsforhold liknande det ein har i dag, kunne ein ha venta ein isbre ed ein slik storleik om den årlege middeltemperaturen var mellom 10,5 og 11,2 °C, men sidan tilhøva er venta å ha vore tørrare på denne tida, må temperaturen ha vore lågare[5][6][7][8]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Zagrosfjella har fleire økosystem. Av dei viktigaste finn ein skogs- og skogssteppeområde med halvtørt klima. Årsmiddelnedbøren varierer frå 400 til 800 mm og det meste kjem om vinteren og våren. Vintrane er harde med temperaturer ofte under −25 °C. Regionen har ein kontinental variant av middelhavsklima med snørike, kalde vintrar og mild, regnfull vår, etterfølgd av ein tørr sommar og haust.[9]

Klimadata for Amadiya-distriktet, Iraq
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C -0.2 1.4 6.4 12.2 19.3 24.8 29.7 29.6 25.6 17.7 9.7 2.7 14 91
Normal min. temp. °C -8.0 -6.8 -2.0 3.5 8.8 13.0 17.3 16.9 13.0 7.2 2.1 -4.3 -8
Kjelde: [10]

Dyre- og planteliv[endre | endre wikiteksten]

Ein persisk eikeskog som dominerer Zagros.

Sjølv om Zagrosregionen i dag er forringa av overbeite og avskoging, har regionen framleis eit rikt og variert planteliv. Restar av den opphavlege omfattande eikeskogen eksisterer framleis, og det same gjer dei parkliknande slettene med pistasje og mandel. Opphavet til mange kjende matverer, som kveite, bygg, linser, mandel, valnøt, pistasje, aprikos, plommer, granateple og druer veks vilt i fjella.[11] Persisk eik (Quercus brantii) (dekkjer meir enn 50 % av skogområda i Zagros) er den viktigaste tresorten i Zagros i Iran.[12]

Andre endemiske planter i fjella er Allium iranicum, Astracantha crenophila, Bellevalia kurdistanica, Cousinia carduchorum, Cousinia odontolepis, Echinops rectangularis, Erysimum boissieri, Iris barnumiae, Ornithogalum iraqense, Scrophularia atroglandulosa, Scorzoner kurdistanica, Tragopogon rechingeri og Tulipa kurdica.[13]

Zagros har mange utryddingstruga organismar, som ein musliknande hamster (Calomyscus bailwardi), basratrostesongar (Acrocephalus griseldis) og stripete hyene (Hyena hyena). Persisk dåhjort (Dama dama mesopotamica), eit eldgamalt husdyr ein trudde var utrydda, vart oppdaga på ny seint på 1900-talet i Khuzestan sør i Zagros.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein har funne teikn på tidleg jordbruk heilt attende til kring år 9000 fvt. ved foten av Zagrosfjella,[14] i byar seinare kalla Anshan og Susa. Jarmo er ein arkeologisk stad i dette området. Shanidargrotta, der ein har funne skjelett av fleire neandertalar, er ein annan stad her.

Somme av dei tidlegare bevisa for vinproduksjon er oppdaga i Zagrosfjella. Både busetjingane Hajji Firuz Tepe og Godin Tepe har gjeve bevis på vinlagring datert til mellom 3500 og 5400 fvt.[15]

Tidleg i antikken var Zagros heimstaden til folk som kassittane, gutiar, assyrarar, elamittane og Mitanni, som periodevis invaderte dei sumerisk og/eller akkadiske byane i Mesopotamia. Fjella skapar ei geografisk greense mellom den mesopotamiske sletta, som ligg i Irak, og Det iranske platået. Ein har funne eit lite arkiv av leirtavler som skildrar komplekse samhandlingar mellom desse gruppene tidleg på 1000-talet fvt. i Tell Shemshara langs Vesle Zab.[16] Tell Bazmusian, nær Shemshara, var busett mellom 5000 fvt. og 800 evt., men ikkje kontinuerleg.[17]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Zagrosfjella». Encyclopedia Brittanica. https://www.britannica.com/place/Zagros-Mountains. Henta 23. april 2018. 
  2. «Salt Dome in the Zagrosfjella, Iran». NASA Earth Observatory. http://earthobservatory.nasa.gov/Newsroom/NewImages/images.php3?img_id=17245. Henta 23. april 2018. 
  3. Nilforoushan F., Masson F., Vernant P., Vigny C., Martinod J., Abbassi M., Nankali H., Hatzfeld D., Bayer R., Tavakoli F., Ashtiani A., Doerflinger E., Daignières M., Collard P., Chéry J., 2003. GPS network monitors the Arabia-Eurasia collision deformation in Iran, Journal of Geodesy, 77, 411–422.
  4. Hessami K., Nilforoushan F., Talbot CJ., 2006, Active deformation within the Zagros Mountain deduced from GPS measurements, Journal of the Geological Society, London, 163, 143–148.
  5. Kuhle, M. (1974):Vorläufige Ausführungen morphologischer Feldarbeitsergebnisse aus den SE-Iranischen Hochgebirgen am Beispiel des Kuh-i-Jupar. Zeitschrift für Geomorphologie N.F., 18, (4), s. 472-483.
  6. Kuhle, M. (1976):Beiträge zur Quartärgeomorphologie SE-Iranischer Hochgebirge. Die quartäre Vergletscherung des Kuh-i-Jupar. Göttinger Geographische Abhandlungen, 67, Vol. I, s. 1-209; Vol. II, s. 1-105.
  7. Kuhle, M. (2007):The Pleistocene Glaciation (LGP and pre-LGP, pre-LGM) of SE-Iranian Mountains exemplified by the Kuh-i-Jupar, Kuh-i-Lalezar and Kuh-i-Hezar Massifs in the Zagros. Polarforschung, 77, (2-3), s. 71-88. (Erratum/ Clarification concerning Figure 15, Vol. 78, (1-2), 2008, s. 83.
  8. Kuhle, M. (2011):The High Glacial (Last Ice Age and Last Glacial Maximum) Ice Cover of High and Central Asia, with a Critical Review of Some Recent OSL and TCN Dates. Ehlers, J., Gibbard, P. L., Hughes, P. D. (Eds.). Quaternary Glaciation - Extent and Chronology, A Closer Look. Amsterdam, Elsevier B.V, s. 943-965, (glacier maps downloadable: http://booksite.elsevier.com/9780444534477/).
  9. Frey, W.; W. Probst (1986). Kurschner, Harald, red. «A synopsis of the vegetation in Iran». Contributions to the vegetation of Southwest Asia (Wiesbaden, Tyskland: L. Reichert): 9–43. ISBN 3-88226-297-4. 
  10. «Climate statistics for Amadiya». Meteovista. http://www.meteovista.com/Middle-East/Iraq/Amedi/4478215. Henta 23. april 2018. 
  11. Cowan, edited by C. Wesley; Nancy L. Benco; Patty Jo Watson (2006). The origins of agriculture : an international perspective ([New ed.]. utg.). Tuscaloosa, Ala.: University of Alabama Press. ISBN 0-8173-5349-6. Henta 23. april 2018. 
  12. M. Heydari; H. Poorbabaei; T. Rostami; M. Begim Faghir; A. Salehi; R. Ostad Hashmei. «Plant species in Oak (Quercus brantii Lindl.) understory and their relationship with physical and chemical propertiesof soil in different altitude classes in the Arghvan valley protected area, Iran». Caspian Journal of Environmental Sciences, 2013, Vol. 11 No.1, s. 97~110. http://research.guilan.ac.ir/cjes/.papers/25210.pdf. Henta 10. april 2014. 
  13. «Haji Omran Mountain (IQ018)» (PDF). natrueiraq.org. http://www.natureiraq.org/uploads/9/2/7/0/9270858/haji_omran-iq018-sep-25-final.pdf. Henta 23. april 2018. 
  14. La Mediterranée, Braudel, Fernand, 1985, Flammarion, Paris
  15. Phillips, Rod. A Short History of Wine. New York: Harper Collins. 2000.
  16. Eidem, Jesper; Læssøe, Jørgen, The Shemshara archives 1. The letters, Historisk-Filosofiske Skrifter, 23, Copenhagen: Kongelige Danske videnskabernes selskab, ISBN 87-7876-245-6 
  17. Al-Soof, Behnam Abu (1970). «Mounds in the Rania Plain and excavations at Tell Bazmusian (1956)». Sumer 26: 65–104. ISSN 0081-9271. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]