Hopp til innhald

Zsuzsa Bánk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zsuzsa Bánk

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 24. oktober 1965 (58 år)
Frankfurt am Main
Yrke skribent, romanforfattar, redaktør, bokhandlar
Språk tysk
Sjanger roman, drama, forteljing
Zsuzsa Bánk på Commons

Zsuzsa Bánk (fødd 24. oktober 1965) er ein tysk forfattar av ungarsk avstamming.

Bánk blei fødd i Frankfurt am Main. Foreldra hennar flytta til Tyskland etter den ungarske revolusjonen i 1956. Ho studerte journalistikk, statsvitskap og litteratur ved Johannes Gutenberg-universitetet i Mainz og i Washington, D.C.

Ho har vunne fleire litteraturprisar, blant anna Aspekte-Literaturpreis i 2002, som blir tildelt den beste debutromanen på tysk,[1] og Adelbert von Chamisso-prisen i 2004.

Ho er busett i Frankfurt am Main med ektemannen sin og to born.

  1. Mund, Heike. «Zsuzsa Bánk: 'The Swimmer'». Deutsche Welle. Henta 26. august 2022.