Frankfurt am Main

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Frankfurt an der Oder
Frankfurt am Main
Skyline Frankfurt am Main.jpg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Frankfurt am Main
Frankfurt am Main is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Hessen
Darmstad
Kreisfri by
Grunnlagd 1. århundret
Geografi
Flatevidd
 - By

248,31 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2008-03-31)
   - folketettleik
 - Storbyområde

670 095
  2 666/km²
5 800 000
Koordinatar 50°06′37″N 08°40′56″EKoordinatar: 50°06′37″N 08°40′56″E
Høgd over havet 112 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 60001-60599, 65901-65936
Telefon-retningsnummer 069, 06109, 06101
Bilnummer F
Heimeside: www.frankfurt.de

Frankfurt am Main er ein by ved elva Main i Tyskland og den største byen i delstaten Hessen og den femte største i landet. Han har eit innbyggjartal på litt over 670 000, men det urbane området går langt ut over bygrensene, og sjølve storbyområdet har nesten 6 millionar innbyggjarar. Dette er det nest største storbyområdet i Tyskland.

Frankfurt er eit senter for økonomi og transport i Tyskland. Her ligg mellom anna Den europeiske sentralbanken, Frankfurt-børsen og er i lag med Paris ein av dei to største finansmetropolane i Europa. I følgje Liverpool University var Frankfurt den rikaste byen i EU i 2001 målt etter BNP per innbyggjar.[1]

Vanlegvis vert byen berre kalla Frankfurt, sjølv om tyskarane stundom brukar det fulle namnet for å skilje han frå den mykje mindre byen Frankfurt an der Oder i Brandenburg.

Finansbyen[endre | endre wikiteksten]

Hovudkontoret til Deutsche Bank i Frankfurt.
Foto: Raimond Spekking

Frankfurt er ein stor finansmetropol i Europa. Den europeiske sentralbanken, Frankfurt-børsen, en av verdens største børser, og den tyske sentralbanken Bundesbank ligg her. Det same er hovudkontora til storbankane Deutsche Bank, Dresdner Bank og Commerzbank. Frankfurt er derfor også kjent som Bankfurt, eller som Mainhatten på grunn av av dei mange skyskraparane som befinn seg i byen. Den høgaste skyskraparen, samt åtte av dei ti høgaste i Europa, finst her.

Kulturbyen[endre | endre wikiteksten]

Frankfurt er verdas største forlagsby. Verdas viktigaste bokmesse, Frankfurter Buchmesse, blir halden her kvart år. Ho blei arrangert for første gong i 1478

Historie[endre | endre wikiteksten]

Panorama over Frankfurt i 1658.

Namnet Frankfurt er avleia frå den germanske stammen frankarane, og var opphavleg Franconofurt. Namnet blir først nemnt i 794, då Karl den Store haldt ei riksforsamling her. I det tysk-romerske riket var Frankfurt ein av dei viktigaste byane. Frankfurter Messe blir nemnt for første gong i 1150. I 1240 gav keisar Friedrich II vitjande til byen keisarleg vern. Frankfurt blei ein riksby, direkte underlagt keisaren, i 1372.

Frå 855 blei dei tyske kongane og romerske keisarane valde i Frankfurt. Frå 1562 blei dei òg krona i Frankfurt, med Maximilian II som den første. Tradisjonen tok slutt etter 1792, då Franz II blei valt som den siste tysk-romerske keisaren.

Ein av dei travlaste flyplassane i europa er Frankfurt Flughafen som ligg rett utanfor byen.

Fødde i Frankfurt[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Frankfurt am Main

Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Frankfurt frå Wikivoyage