Katekismesongar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
På 1700-talet kom det fleire utgåver av Petter Dass sine katekismesongar. Her tittelblad av utgåve frå 1750, etter foto i Årbok for Helgeland 2006

Katekismesongar, eller D. Morten Luthers Lille Catechismus, Forfattet I Beqvemme Sange Under Føyelige Melodier er eit diktverk av Petter Dass frå AlstahaugHelgeland. Boka vart lagt fram for sensuren i 1698, og første gongen trykt i 1714.

Utgåver[endre | endre wikiteksten]

Den eldste kjende utgåva er ei handskriven bok frå 1698. Dette handskriftet finst i dag på Petter Dass-museetAlstahaug. Boka vart trykt i 1714, sju år etter at diktaren døydde. Katekismesongane kom i fleire utgåver ut over 1700-talet, og var då den mest selde av Petter Dass sine bøker.

Innhaldet[endre | endre wikiteksten]

Diktverket er ei katekisme på verseform. Etter dedikasjon og innleiing er innhaldet:

  • De ti GUds Bud-Ord, ein song på 25-50 vers til kvart av dei ti bodorda.
  • Den apostoliske Troes Artikler, forfattede i tolv Sange, songar som tolker og forklarer innhaldet i den apostoliske truvedkjenninga.
  • Herrens Bøn, Fader Vor, forfattet i ni Sange, ein song til kvar bøn i Fadervår.
  • Daabens Sacramente, to songar om dåpen.
  • Alterens Sacramente, forfattet i trende Sange, songar om brødet, vinen og førebuing for nattverden.
  • Hus-Tavlen, forfattet i tolv Sange, ein song til kvar stand; det er til biskoper, prestar og lærarane, til tilhøyrarane, til øvrigheita, til undersåttane, til ektefolk, til foreldre, til barna, til tenarane, til husbonden, til ungdommen, til enkjene og tilslutt Den tolvte Sang kaldet den ganske Forsamling.

Songane går på forskjellige versemål, og det står oppført kva for melodi dei skal syngast til. Nokre av songane skal syngast til sin eigen melodi, og for dei er det spekulert på om Petter Dass sjølv har skrive melodien. Andre har spekulert på om melodinamnet då er stroke fordi melodien kunne verte assosiert med verdslege tekstar som kunne gjere at boka ikkje slapp gjennom sensuren.

Blant songane som Sjunges under sin egen melodi er Herre GUd! dit dyre navn og Ære, som er skriven til bøna Helligt vorde dit Navn. Til denne songen, som i boka er på 16 vers, skal det vere samla 100 ulike melodiavariantar.

Bruk av songane[endre | endre wikiteksten]

Det går fram av innleiinga at boka er meint for husbruk og privat andakt. Songane er neppe brukt som salmar i kyrkja. Men etter at diktinga til Petter Dass fekk sin renessanse frå midten av 1800-talet, vart fleire av katekismesongane redigert om til salmar høvelege for kyrkjesong og tekne inn i salmebøkene.

Nokre døme[endre | endre wikiteksten]

Til det tredje bodordet:

Men om du skulde
Undskyldning vende for,
At du tilfulde
Din' Prester ei forstaaer:
En Part har Snue
Og taler vanskeligt,
Part vil paa Skrue
Sin' Ord omvrie digt,
Din Sinds Formue
Er ei at fatte sligt, -

Til den første truvedkjenninga:

Mig og forundrer i mit Sind
At jorden som er kugletrind,
kan Folk og Hus Annamme;
Hver synes, de staaer ovenpaa,
Og de, som mod vor' Fødder gaa,
Dem synes og det samme;
Hver tror, Hver Snor
Mod hverandre, kan dog vandre, Alle lige
Med sin Fod på Jorden Stige.

Til Fadervåret:

Bønnens Ord de lyder saa:
Giv idag vort Brød at faa!
Se, saa bede vi nu først:
Fri fra Hunger, nød og Tørst!
Fri vort Hus fra Fattigdom,
At vi ei fra Rom til Rom
Nødes gaa med Posen om!

Til dåpen:

Saa kommer, kommer frem,
Og henter Vand til hver en tørstig Lem,
Her skjænkes Aqvavit,
Det kan I kjøbe frit,
I faar det uden penge,
Er det ei god Profit?

Til nattverden:

Øiet Vinen for sig har,
Og Munden smager Saften,
Øret Ordet i sig tar,
Og Hjertet sander kraften;
Se, saa faar en Lem for sig
Her noget at bestille.
Hvor kan jeg, JEsu, takke dig
For al din gode Villie!

Til forsamlinga:

Ved Kjærlighed til Folk og Gud
Fuldbyrdes hvert et Herrens Bud,
Og i det Ord befattet er
Ret alle Guds befalinger,
Halleluja!

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Petter Dass sine katekismesongar i utgåver frå 1750 og 1874