Petter Dass-museet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Alstahaug gamle prestegard har til no husa Petter Dass-museet...
...men frå 20. oktober 2007 er museet å finne i dette nybygget

Petter Dass-museetAlstahaug er ei avdeling av Helgeland museum. Museet er lokalisert i bygningar på den gamle prestegarden ved Alstahaug kyrkje, der Petter Dass budde frå 1689 til 1707. Prestegarden har bygningar frå rundt 1750. Den eldste delen av kyrkja er frå slutten av 1100-talet.

Tunet og bygningane er freda av Riksantikvaren.

20. oktober 2007 opna eit nytt museumsbygg på Alstahaug, teikna av arkitektfirmaet Snøhetta AS. Bygget er kostnadsrekna til 60 millionar kroner og er finansiert med støtte frå kommune, fylkeskommune, stat og private aktørar.

Petter Dass-museet på Alstahaug er Nordland fylke sin tusenårsstad.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]