Étienne Bacrot
Étienne Bacrot | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 22. januar 1983 (41 år) Lille |
Idrett | sjakk |
Tok del i | Sjakk-OL 1996, Sjakk-OL 1998, Sjakk-OL 2002, Sjakkolympiaden 2006, Sjakk-OL 2008, Sjakkolympiaden 2014, Sjakkolympiaden 2018 |
Étienne Bacrot (fødd 22. januar 1983) i Picardie i Frankrike er ein fransk stormeister i sjakk, no rangert som nummer to i Frankrike etter stormeister Maxime Vachier-Lagrave.
Étienne Bacrot starta å spele då han var 4 år, og vart raskt eit vedunderbarn i sjakk. Då han var 10 år begynte han å vinne sjakkturneringar for juniorar - dvs. opp til 20 år. Då han var 13 år vann han eit parti mot stormeister og tidlegare verdsmeister i sjakk Vasilij Smyslov. Han fylte krava til å bli stormeister i sjakk i mars 1997, då han var berre 14 år og to månader gammal. Han var den til då yngste som hadde klart å bli stormeister. I desember same året overtok Ruslan Ponomariov rekorden.
Étienne Bacrot passerte 2700 i FIDE-rating i 2004. I januar 2005 vart han den første sjakkspelaren frå Frankrike til å kom på topp 10 på verdsrankingen - ein 9-plass som han heldt i heile 2005. Den høgaste FIDE-ratingen han har hatt var 2731 pr 1. april 2005.
Minneverdige resultat
[endre | endre wikiteksten]Étienne Bacrot har vunne mange sjakkturneringar og minneverdige parti.
- Seks gongar fransk meister, første gong som 16-åring i 1999, med fem meisterskap på rad fram til 2003, og så igjen i 2008.
- Vann turneringa i Enghien-les-Bains i 1997 framom Viktor Korchnoi, noko som gav han den avgjerande innteikninga i stormeister-tittelen 14 år og 2 månader gammal.
- Vann Lausanne young masters i 1999, der han slo Ruslan Ponomariov i finalen.
- Klarte ein perfekt 11/11 skår i den franske lagmeisterskapen i 2004.
- Vann Karpov si Poikovskij-turnering i 2005 framom stormeistrar som Viktor Bologan, Alexander Grischuk, Peter Svidler og Alexey Dreev.
- Blei nummer 3 i superturneringa Dortmund Sparkassen i 2005.
- Blei nummer 3 i Verdscupen i sjakk 2005, der han i bronsekampen slo Alexander Grischuk. Dette kvalifiserte han for Kandidatturneringa i sjakk 2007, som blei spela i mai-juni. I kandidatturneringa blei han slått ut i første runde av Gata Kamsky, med 3,5-0,5.
- Vann 2006 FiNet Chess960 Open med skår 9,5/11.
- Vann Aeroflot Open for 2009.
Lagresultat
[endre | endre wikiteksten]- EM i sjakk for landslag, for Frankrike: 2-plass i 2001, 3-plass i 2005.
- Mange gongar vinnar av det franske lagmeisterskapet
- Fleire gongar vinnar av EM i sjakk for klubblag for Nao chess club.
Barne- og ungdomsresultat
[endre | endre wikiteksten]- Verdsmeister i sjakk for aldersgruppa under 10 år.
- Verdsmeister i sjakk for aldersgruppa under 12 år.
- IM i sjakk 12 år gammal.
- Stormeister i sjakk 14 år og 2 månader gammal, noko som var rekord då.
Tvikampar i heimebyen
[endre | endre wikiteksten]I fleire år frå 1995 spelte Bacrot kvart år ein tvikamp mot ein sterk og kjend spelar, i heimbyen sin Albert. I 1996 slo han Vasilij Smyslov 5-1, i 1997 tapte han mot Viktor Korchnoi 4-2, i 1998 slo han Robert Hübner 3,5-2,5, i 1999 tapte han mot Alexander Beliavsky 3,5-2,5, i 2000 tapte han Nigel Short 4-2, i 2001 uavgjort 3-3 med Emil Sutovsky, i 2002 slo han Boris Gelfand 3,5-2,5, og i 2004 vann han mot Ivan Sokolov 3,5-2,5. (Det var ingen tvikamp i 2003).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Étienne Bacrot» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mai 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Étienne Bacrot sine sjakkparti hos Chessgames.com
- Étienne Bacrot sitt ratingkort hos FIDE
- Étienne Bacrot hos OlimpBase
- Intervju mede Etienne Bacrot Arkivert 2010-08-15 ved Wayback Machine. på Chessdom, vitja 1. mai 2010