Lille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lille
Grande Place, Bourse du travail et beffroi Lille 2.JPG
Byvåpenet til Lille
Byvåpenet til Lille
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Nord-Pas-de-Calais
Nord
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Urbant
 - Storbyområde

39,51 km²
450 km²
975 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2004)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

226 800
  5 740/km²
1 000 900 (1999)
1 143 125 (1999)
Koordinatar 50°37′57″N 03°03′30″EKoordinatar: 50°37′57″N 03°03′30″E
Høgd over havet 21 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: Offisiell nettside
Plassering
Lille-Position.png

Lille er ein by i det nordlege Frankrike ved elva Deûle nær grensa til Belgia. Det nederlandske namnet på byen er Rijsel. Byen er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Nord og regionen Nord-Pas-de-Calais. Lille har det fjerde største storbyområdet i Frankrike (består av Lille, Roubaix, Tourcoing og forstadane deira) med eit innbyggjartal på over 1 million.

Lomme vart ein del av byen Lille 27. februar 2000, og det totale folketalet deira vart 212 597 (1999). Heile storbyområdet til Lille, både i dei franske og belgiske områda (Kortrijk, Tournai) vart i 2000 estimert til rundt 1 730 000 innbyggjarar, noko som gjer det til eit av dei store storbyområda i Europa.

Lille var tidegare ein by i Flandern, men vart ein del av Frankrike på 1700-talet. Lille har eit stort universitet overført frå Douai i 1808 og eit av dei viktigaste kunstmuseuma i Europa med flamske, nederlandske, franske og spanske kunstverk. Lille har mange studentar, og forskjellige kjelder oppgjer talet til å vere mellom 90 000 og 150 000 studentar.

Lille har gode jernbane- og vegsamband til både Paris og utlandet, mellom anna togsamband til Paris på 1 time og til London på om lag 1 time og 40 minutt.

Lille var europeisk kulturhovudstad saman med den italienske byen Genova i 2004.

Fotballaget Lille Olympique Sporting Club speler i det øvste nivået i fransk fotball.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lille