Øystein Dolmen
Utsjånad
Øystein Dolmen | |||
| |||
Fødd | 19. februar 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Trondheim | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | skodespelar, illustratør, songar, låtskrivar, manusforfattar | ||
Prisar | Sør-Trøndelag fylkes kulturpris, Kardemommestipendiet, Spellemannprisen for årets barneplate, Kanonprisen for beste filmmusikk |
Øystein Dolmen (fødd 19. februar 1947 i Trondheim) er ein norsk artist og komikar som er best kjent som Knutsen i duoen Knutsen & Ludvigsen (1970–1986). I 1989 gav han ut det første albumet sitt utan Gustav Lorentzen. Han samarbeidde da med Ellen Klemp under pseudonymet Nellie Neuf og saman gav dei ut På frifot under namnet «Knutsen og Nellie Neuf». For dette vart dei løna med Spellemannprisen 1989 i klassen barneplate.