Identitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Identitet kan seiast å vera eit av dei vanskelegaste orda i språket

Identitet, av det latinske pronomenet idem, som tyder 'den same', er eit omgrep for å karakterisere likskap.

Omgrepet vert bruka om absolutt likskap: Å fastslå identitet mellom to omgrep vil seie å prove at to omgrep er fullstendig like; å fastslå identiteten til ein person vil seie å prove at personen er den same som ein person vi veit kven er. Personar kan bruke pass eller legitimasjon for å prove sin eigen identitet.

Omgrepet vert òg bruka meir relativt om ein sum av element som gjev ein person, ein organisasjon eller eit samfunn eigenart (særhått).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Identitet