Ole Pedersen Indre-Svor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Pedersen Indre-Svor
Fødd 1719
Død

1765 (46 år)

Ole Pedersen Indre-Svor (17191765) var ein ugift bonde frå Hornindal kommune i Nordfjord. Han skreiv religiøse tekstar som vart gjevne ut i høvesvis 1809 og i 1811.

Bokhistorikar og litteratursosiolog Jostein Fet hevdar at Ole Pedersen Indre-Svor var den første bondediktaren på Nord-Vestlandet. Bondeskrivarane var ikkje isolerte, men ein del av det litterære feltet i Danmark-Noreg. Dei fekk impulsar frå det litterære livet til overklassa og blanda desse med lokale skrivetradisjonar i fortid og samtid.[1]

Når det gjeld ordtilfanget til Ole Pedersen Indre-Svor lærte han av religiøse tekstar og av preikene til presten. Desse skilde seg frå kvardagsspråket, og var mykje meir symbolske og abstrakte, peikar Jostein Fet på. Døme på ord Indre-Svor brukte i visene og som ikkje kom frå dialekta er «hyrde, lidelse, ubestandighet».[2]

Skiftet etter at han døydde syner at Ole Pedersen Indre-Svor eigde 10 bøker.[3]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1809 – En gudelig Psalme, uddragen af den hellige Skrivt. Under Melodie : Uden Herren opholder vort Huus (Egset, Volda: Sivert Aarflot Boktrykkeri)  [10 sider. Til Trykken befordret og bekostet af Rasmus Rasmussen Svoor.]
  • 1811 – En skiøn Aandelig Viise, hvorudi betragtes Menneskenes Ubestandighed i Verden, og siden evige Herlighed in Himmelen (Egset, Volda)  [Og nu, mod en 50 Aar efter hans Død, paa ny til Trykken befordret og bekostet af Rasmus Rasmussen Svoor.]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fet 2003, side 245 og 251
  2. Fet 2003, side 364. Sjå side 245-248 for omtale av to viser av Ole Pedersen Indre-Svor.
  3. Lund-Iversen 1990, s. 197 og Svaar-Seljesæter 1946, s. 58

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]