Øvre Sirdal Leitegruppe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Øvre Sirdal leitegruppe oppstod som ein konsekvens av at sirdølen Olav Sirekrok drukna i Øyarvatnet 9. november 1981.

Olav Sirekrok.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tankane om å starta ei leitegruppe i Øvre Sirdal blei fyrst lufta like etter rasulykka med Holmevatn den 10.02.1980 der 5 ungdomar omkom, men ingen kjende seg kalla til å sttje ideen ut i livet.

Neste ulykke den 09.11.1981 der ein av bygdas eigne, Olav Sirekrok, gjekk gjennom isen og drukna medan han var på rypejakt, brakte på nytt fram ideen om meir organisert varsling og leiting.

Etter litt diskusjon mellom diverse personar vart det semje om at forslaget om å danna ei leitegruppe skulle fremjast gjennom skilaget.

I november 1983 kalla Sirdal skilag inn til eit førebuande møte for leitegruppa og utnemnde Torjus Fidjeland, Magnar Undheim og Knut Nordhasli til eit midlertidig styre. Dei skulle utarbeide retningsliner for, og kalla inn til eit konstituerande møte når planane om organisering var klare.

Tankane som det mellombelse styret hadde om leitegruppa kan kort oppsummerast slik:

  1. Vi ønskjer at leitegruppa skal vera sjølvstendig og ikkje ei Raudekrossen-gruppe eller eit underbruk av skilaget.
  2. Mannskapa bur i dalen og kan koma fort i arbeid.
  3. Her er lokalkjente folk som er vant til å ferdast i fjellet og som har gode skiferdigheiter.
  4. Det er mange snøskuterar og anna utstyr i dalen som kan nyttast, privateigd og i Sira Kvina.
  5. Sira Kvina har godt med sambandsutstyr som kan disponerast, og gruppa må prøva å få kjøpt noko sjølv.
  6. For ikkje å bli ei for stor eining, valde leitegruppa å begrensa utbreiinga til gruppa til å omfatta området frå og med Ousdal til og med Ådneram.

Noko av det fyrste styret gjorde var å skrive ned nokre tankar om gruppa, og sendte så dette saman med ein svarsettel ut til alle husstandane frå Ousdal til Ådneram, og bad om at dei som var interessert i å vera med sendte svarsettelen i retur snarast.

Mange kom i retur, men etter ein purrerunde per telefon til enkelte personar, vart forslag til organisasjonsplan og ei mellombels medlemsliste oppsett 14.12.1983.

Den 27.01.1984 blei organisasjonsplan og medlemslister sendt ut til organisatorar og grendevarslarar, og frå den datoen var leitegruppa utrykningsklar. Offisielt blei Øvre Sirdal leitegruppe stifta på årsmøtet den 07.03.1984. 50 personar møtte opp. Sira Kvinas administrasjon blei kontakta om bruk av selskapets sambandsnett, snøskuterar og anna utstyr. Sirdal kommune fekk søknad om å støtta leitegruppa med kr. 53 000.- til innkjøp av diverse utstyr.

Alle henvendingar har gjeve eit raskt og positivt svar, slik at gruppa er svært godt rusta med snøskuterar, kart, kompass, førstehjelpsutstyr m.m for til saman 6 patruljar samt 16 stk. sambandseiningar.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Lensmannsetaten i Sirdal har heile tida bidrege og støtta gruppa og fått inntrykk av at dei set pris på å ha gruppa og støtta seg til når det er behov for den. Med dei fullmaktene gruppa får under aksjonar, er det tydeleg at lensmannsetaten har tillit til gruppa sjølv om det berre er amatørar som stort sett brukar sunt bondevit.

Organisasjonen er enkel. Gruppa vert leia av fem organisatorar som også utgjer styret for gruppa. Organisatorane vert vald for fire år om gongen. Dalen er delt opp i fem grender med ein grendevarslar i kvar grend pluss reservevarslar.

Lensmannen i Sirdal er gruppas næraste overordna og i prinsippet rykker vi ikkje ut før vi får ordre frå lensmannskontoret. Når gruppa får melding om at det trengst hjelp, er det den organisatoren han får tak i, som leier aksjonen. Denne får også alle opplysningar om aksjonen. Organisatoren og lensmannen avgjer kva styrke som må kallast inn og eventuelt setjast i beredskap, og kor det skal leitast.

I små aksjonar ordnar stort sett organisator direkte med mannskapa og fordeler oppgåvene, mens ein med større aksjonar koplar inn grendevarslarane som ordnar med sine mannskap etter ordre frå organisator.

Medlemskapet er friviljug og kvar einskild er ansvarleg for sin eigen tryggleik ved utrykningar. Heldigvis viser det seg at "den som søker å redde menneskeliv" kjem inn under yrkesskadetrygdelova.[1]

Leitegrupa er ikkje nokon konkurrent til Raudekrossen, som er stasjonert på Sinnes i helgene, men eit supplement. Røde Kors Sandnes har heile tida vorte orientert om leitegruppa, og dei har også halde kurs for gruppa. Medlemmar i leitegruppa har også delvis vore med på landskurs for redningsleiarar i Raudekrossen o.a. på Sinnes.

Leiteruppa har også samarbeid med Raudekrossen i aksjonar. Både leitegruppa og Raudekrossen står under kommando av lensmannen i Sirdal når aksjonen vert leia herfrå.

Søkhistorikk[endre | endre wikiteksten]

2013[endre | endre wikiteksten]

  • 31. august - Frafjordheiene
Ei 27 år gamal kvinne på veg frå Langavatn til Sandvatn var sakna. Ho kom til rette i turisthytta ved Blåfjellenden.[2]

2012[endre | endre wikiteksten]

  • 21. juli - Kjerag
Tre polske turistar vart sitjande fast på ei fjellhylle. Alle tre kom trygt til rette.[3]
  • 10. juli - Kjerag
To kvinner gjekk seg vill i skodda ved Kjerag. Begge vart funne og frakta ut.[4]

2011[endre | endre wikiteksten]

  • 30. oktober - Donsen
Ein familie med to vaksne og tre barn gjekk seg vill og meldte i frå til politiet. Medlemmar frå leitegruppa samt to hundeførarar frå politiet vart sendt inn for å finna familien. Dei kom til rette ikkje langt i frå parkeringsplassen på Donsen, alle i godt behald.[5]
  • 18. februar - Taumevatn
Tre personar vart funne omkomne ved Taumevatn.[6] Leiteaksjon vart sett i gang etter ein siste person, men trass i massiv leiteaktivitet i fleire dagar var søka resultatlause. Den siste personen vart funnen under flysøk 21. mai.[7]

2009[endre | endre wikiteksten]

  • 16. oktober - Hunnedalen
Fire studentar av utanlandsk opphav meldte sjølv frå til politiet då dei møtte på problem på ein tur som var tenkt å enda opp ved Kjerag. Alle fire vart funne, og frakta attende til parkeringsplassen ved Lortebu.[8]

2008[endre | endre wikiteksten]

  • 03. oktober - Hunnedalen
Eit par vart meldt sakna etter å ha drege ut på tur frå Lortebu. Dei kom til rette dagen etter, etter å ha halde seg i rørsle heile natta av di dei ikkje var førebudde på overnatting.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.lovdata.no/all/tl-19581212-010-001.html#1
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 10. juni 2015, henta 9. oktober 2013 
  3. http://www.aftenbladet.no/nyheter/lokalt/sirdalagder/Dramatisk-redningsaksjon-ved-Kjerag--3003697.html[daud lenkje]
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 13. juli 2012, henta 10. juli 2012 
  5. arkivkopi, arkivert frå originalen 5. mars 2016, henta 13. november 2011 
  6. Evensen, Mari Rollag (17. februar 2011), «Tre personer funnet døde i Sirdal», NRK (på norsk bokmål), henta 1. mai 2022 
  7. arkivkopi, arkivert frå originalen 7. september 2011, henta 13. november 2011 
  8. http://www.aftenbladet.no/lokalt/sirdalagder/--Vi-s-ingenting-p-grunn-av-tken-2205494.html[daud lenkje]
  9. http://www.aftenbladet.no/lokalt/Funnet-i-god-behold-2557084.html[daud lenkje]