Wikipedia:Kontakt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Spørsmål[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia:Spørsmål har svar på mange vanlege spørsmål om Wikipedia. Kvar artikkel, wikipedia- og brukarside i Wikipedia har òg ei diskusjonsside, og der kan du òg gjerne spørja og få svar på spørsmål som har med dette emnet å gjera.

I tillegg kan du gå til samfunnshuset og starta eller delta i ein generell diskusjon.

Innhald i artiklar[endre | endre wikiteksten]

Alle kan redigera artiklar og anna innhald på Wikipedia. Viss du ser noko som er feil på ei side, kan du berre klikka på «endre» og retta det.

For å diskutera vidare korleis ein artikkel kan bli betre kan du bruka diskusjonssida som høyrer til artikkelen. Lenkja til denne finn du øvst i artikkelen.

Opphavsrett[endre | endre wikiteksten]

Dersom du har opphavsretten til innhald som er brukt på Wikipedia utan løyve, kan du kontakta ein administrator, og innhaldet vil bli fjerna så fort som råd. Dersom du berre trur at nokon sin opphavsrett er blitt krenka kan du starta ein diskusjon om dette på diskusjonssida til artikkelen eller fila.

Viss du gjerne vil bruka innhald frå Wikipedia, har allereie løyve. GFDL-lisensen gjev alle lov til dette, også kommersielt, men du må følgja reglane i lisensen.

Wikipediabrukarar[endre | endre wikiteksten]

For å læra meir om bidragsytarar på Wikipedia kan du trykka på brukarnamna deira og sjå brukarsidene deira. Alle brukarane har òg kvar si diskusjonsside der du kan skriva meldingar til dei, og mange har òg ei lenkje som gjer at du kan senda e-post til dei.

Sjå òg kategori:Wikipedantar

Ansvarlege[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia[endre | endre wikiteksten]

Stiftinga Wikimedia driv wikipediaprosjekta. Ein kan nå dei på telefonnummer i USA 310-474-3223 for pressekontakt, og board@wikimedia.org for andre spørsmål.

Wikipedia i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Presseinformasjon står under Wikipedia:Presse og Wikipedia:Omtale.

Administrative spørsmål kan takast opp på Wikipedia:Administratorar.

For bokmålswikipediaen sjå no:Wikipedia:Presse.