Wikipedia:Atterhald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
WIKIPEDIA GJEV INGEN GARANTI FOR PÅLITELEGSKAPEN AV INNHALDET

Nynorsk Wikipedia er eit oppslagsverk som ligg tilgjengeleg på Internett. Innhaldet er ope, noko som vil seie at det blir skapt av ei frivillig samanslutning av einskildpersonar og -grupper, som utviklar ein felles ressurs av menneskeleg kunnskap.

Inga formell fagfellevurdering[endre | endre wikiteksten]

Prosjektreglane tillèt kvar og ein med internettsamband og ein nettlesar å endre på innhaldet som finst her. Difor er det som står i Wikipedia ikkje nødvendigvis gjennomgått av profesjonelle med spesialkunnskap innanfor dei ulike områda, som er naudsynt for å sikre fullstendige, presise og pålitelege opplysingar.

Ingen av forfattarane, bidragsytarane, sponsorane, administratorane, systemoperatørane eller nokre andre med tilknyting til Wikipedia kan gjerast ansvarleg for at det finst unøyaktig informasjon, eller for andre sin bruk av dei opplysningane som ligg på desse nettsidene eller som blir nådd via lenkjer derfrå.

Dei som har behov for presis rådgjeving – til dømes medisinsk, juridisk eller økonomisk – er bedne om å oppsøkja ein kunnig som har rett til å drive ei verksemd eller som har spesialkunnskap på det relevante fagområdet.

Ingen kontrakt, avgrensa bruksløyve[endre | endre wikiteksten]

Ver venleg å sørgje for at du forstår at opplysningane her er stilte gratis til rådvelde for frivillig bruk, og at inga form for avtale eller kontrakt er oppretta mellom deg og korkje eigarar eller andre brukarar av denne nettstaden, eigarane av lagringsplassen der innhaldet ligg, den einskilde Wikipedia-bidragsytaren, prosjektadministratoren, systemoperatøren eller nokon annan person i tilslutning til dette prosjektet eller systerprosjekt som kan gje grunnlag for å rette krav mot dei. Du blir tildelt eit avgrensa bruksløyve til å kopiere kva som helst av innhald frå denne nettstaden, men det skaper ikkje og impliserer ikkje noko kontraktsmessig eller utanomkontraktsleg ansvar for Wikipedia eller nokre av representantane deira, medlemmer, organisatorar eller andre brukarar.

Det finst ingen avtale eller forståing mellom deg og Wikipedia kring bruk av innhaldet eller endring av innhaldet utover Creative Commons Namngjeving-Del på same vilkåra 3.0 Unported og GNU Free Documentation License (GFDL), på same viset er det ingen knytt til Wikipedia som kan stillast til ansvar viss nokon har endra, redigert eller fjerna informasjon som du har lagt inn i Wikipedia.

Utfyllande skildring av atterhald på engelsk[endre | endre wikiteksten]