Wikipedia:Om

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Wikipedia er eit wiki-basert oppslagsverk som vart starta den 15. januar 2001 av Jimmy Wales og Larry Sanger. Wikipedia vert utgjeve av den ideelle stiftinga Wikimedia Foundation, som har hovudsetet sitt i USA. Den norske utgåva vart lansert den 26. november 2001 på nettadressa no.wikipedia.org, då som sams utgåve for alle norske målformer. Frå 31. juli 2004 har det vore ei eiga utgåve på nynorsk, Nynorsk Wikipedia på nettadressa nn.wikipedia.org. I dag, 1. november 2014 er det 117 696 artiklar på nynorsk wikipedia.

www.wikipedia.org

Prosjektet var meint som eit systerprosjekt til Nupedia, men utan så streng kvalitetskontroll. Det spesielle med Wikipedia er at «kven som helst når som helst kan redigera ein kva som helst artikkel».

Wikipedia finst i dag på over 200 språk; dei største er engelsk og tysk. Den engelske utgåva har over ein million artiklar.

Totalt har Wikipedia i dag over tre millionar artiklar og er med dette det største oppslagsverket i verda.

Juridiske tilhøve[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia vert utgjeve av den private stiftinga Wikimedia Foundation Inc., som har hovudsete i Florida i USA. Wikipedia vert utgjeve i høve til Florida sitt rettssystem, og er ikkje regulert av norsk lovverk. Bidragsytarar som er norske statsborgarar eller som oppheld seg i Noreg må fylgja norske lovar og reglar.

Wikipedia i bokform[endre | endre wikiteksten]

Tysk Wikipedia på DVD

Jimmy Wales, som grunnla Wikipedia i 2001, ynskjer at det etter kvart så omfangsrike innhaldet òg skal verta tilgjengeleg for dei utan breiband eller tilknytting til internett. Wales seier at prosjektet i stor grad dreier seg om å spreia kunnskap ut i verda. og at det difor er viktig å få oppslagsverket i andre medium enn berre Internett.

Den tyske versjonen av Wikipedia har allereide kome i ei DVD-utgåve. Prisen på ei slik utgåve var 1 euro. Den tyske versjonen vert òg planlagd utgjeven i bokform, i hundre band på 800 sider kvar. Utgjevinga vil byrja i oktober 2006, og gå fram mot 2010.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]