Cellesykel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skjematisk oversikt over cellesykelen. I = Interfasen. Oversikta fortel ingenting om kor lengde dei ulike fasane faktisk varer!

Cellesykelen, eller celledivisjonssykelen (CDC), er handlingsløpet frå danninga av ei eukaryot celle og fram til cella eventuelt vert duplisert. Cellesykelen kan på ulike vis delast inn i ulike stadie. Ein enkel inndeling er i eit A-stadie der cella held seg vilkårleg lenge utan spesielle teikn til å skulla dela seg, og eit kortvarig B-stadie der cella irreversibelt førebur og gjennomfører ei celledeling. (Merk at prosessen kan stoppast, sjølv om den ikkje kan snuast!)

Ei vanlegare inndeling er i fire ulike hovudfasar: G1, S, G2 og M. Av desse utgjer dei tre første fasane interfasen, medan M-fasen kan delast ytterlegare inn i mitosen og cytokinesen. I tillegg til desse fasane finst G0 og meiosen som variantar av respektive G1-fasen og mitosen.

I tillegg til dei gjevne fasane finst ulike sjekkpunkt der cella undersøker om den er klar for å trå inn i den neste fasen. Av desse sjekkpunkta er G1-sjekkpunktet, G2-sjekkpunktet og metafase-sjekkpunktet dei viktigaste.

Cellesykelen vert først og fremst regulert av cyklin-avhengige proteinkinaser (CDK-ar). Desse proteinkinasane opererer ved å fosforylera ulike protein som verkar i dei ulike fasane i cellesykelen. CDK-ane vert igjen regulerte av mellom anna cyclin, ekstracellulære signal og ulike katalysatorar og inhibitorar som aktiverer såkalla CDK-cyclin-kompleks.