Elektronisk fotlenke
Elektronisk fotlenke er ei elektronisk kontrollinnretning som ein person dømd for eit brotsverk kan bera kring ankelen i samband med soninga av straffa si. Føremålet er å kontrollera at den dømde oppheld seg i fastsette avgrensa geografisk område til fastsette tider. Hovudregelen er at den dømde skal halde seg i sin eigen heim når ikkje anna er fastsett på førehand. Fotlenka er i kontakt med ein mottakar som kriminalomsorga installerer i heimen, og registrerer kvar den dømde befinn seg. Heile døgnet vert det sendt signal vidare til ein sentral mottakar. Ein alarm vil utløysast om fotlenka vert fjerna frå ankelen eller øydelagd.
Straff i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Straffegjennomføring med fotlenke (elektronisk kontroll) er ei form for soning av straff som tillèt den dømde å vere ute i samfunnet og gjere sine sosiale og økonomiske plikter medan straffa vert sona. Medan soninga med elektronisk kontroll går føre seg, må den dømde vere i arbeid, gå på skule, studere e.l. Når den dømde ikkje er på arbeid, studerer eller liknande skal han vere heime.
I Noreg kan soningsforma brukast for å sone fengselsstraff på inntil fire månader, eller når det er fire månader til den dømde kan prøvelauslatast frå fengsel.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Ønsker du fotlenke - elektronisk kontroll? www.kriminalomsorgen.no