Fantasyfilm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fantasy-film)
Fantasyfilmen Conquest of the Pole frå 1912.

Fantasyfilm er filmar med fantastiske tema. Dei tek vanlegvis for seg tema som magi, overnaturlege hendingar og skapningar og eksotiske fantasiverder. Sjangeren skil seg frå science fiction-filmar og skrekkfilmar, sjølv om dei overlappar kvarandre. I fantasy-filmar gjennomgår helten ofte ei mystisk oppleving og må be om hjelp frå mektige, overnaturlige krefter. Vanlege element er flygande teppe, sverd, magi, trollmenn og hekser, prinsar og prinsesser og drakar. Det er òg vanleg at det er ei anna verd med i forteljinga.

Kjende fantasy-filmar frå 1990-talet er Bram Stokers Dracula, Edward Saksehånd og Dragonheart. Harry Potter, Narnia, Eragon og Ringenes herre er kjende filmar frå 2000-talet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.