Fildiskusjon:Norway Oslo Vaalerenga.jpg

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg reknar med at du har teke biletet, Ekko? Då er det fint om du merkar det med {{PD}} eller {{GFDL}}. Eg vil også oppfordra deg til å bruka Wikimedia Commons [1] til å lagra filer, då kan dei brukast direkte på alle Wikimedia-prosjekt, som om dei var lasta opp på kvart prosjekt. --Guttorm 5. mai 2005 kl. 1450 (UTC)

Eg prøvde, men det var total sirup der. Skal prøve på ny. Forresten, har du nokre gode tips om opplasting på Commons? Eg har prøvd å finne ut av dette med å legge bileta inn på ei side der også, uten mykje hell. Sløvt å glømme og merke dei. Ekko 5. mai 2005 kl. 1556 (UTC)

Sirupen kan eg ikkje hjelpa med men kanskje resten. Eg veit ikkje kor mykje du kan så eg går utifrå at du ikkje kan noko (anna enn å lasta opp): Når du lastar opp bør du merka leggja inn i samandragsfeltet, fotograf (skapar), stad, tid og lisens, gjerne med enkle wikilenkjer, lisensalternativa finn du på commons:Commons:Copyright tags, til slutt legg eg inn dei kategoriane eg tykkjer passar på engelsk, t.d. [[category:Vålerenga]]. Meir gjer eg vanlegvis ikkje og meir er strengt tatt ikkje naudsynt. Du kan også leggja inn biletet på sider som t.d., commons:Oslo, eg føreslår at du då ser på kjeldeteksten til tilsvarande sider for å finne ut korleis det blir gjort. Sjå t.d. Paris. Dersom du treng fleire tips, berre spør. --Guttorm 5. mai 2005 kl. 1616 (UTC)