Hiroshi Yamauchi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hiroshi Yamauchi

Statsborgarskap Japan
Fødd 7. november 1927
Kyoto
Død

19. september 2013 (85 år)
Kyoto

Yrke gründer

Hiroshi Yamauchi (山内 溥) (7. november 192719. september 2013) var ein japansk forretningsmann. Han var den tredje presidenten i Nintendo og var med i selskapet i 1949 fram til han gjekk av 31. mai 2002 for å bli etterfølgd av Satoru Iwata.[1]

Yamauchi er kjend for å ha endra Nintendo frå eit lite selskap som laga hanafuda-kort til ein multi-milliardær fleirnasjonal produsent av dataspel.

Yamauchi var i mars 2012 den tolvte rikaste personen i Japan og den 491. rikaste i verda, med ein formue på om lag 2,5 milliardar USD,

Då han døydde var han den andre største aksjeeigaren i Nintendo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nintendo legend Hiroshi Yamauchi dies aged 85». Eurogamer.net. Henta 19. september 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Hiroshi Yamauchi