Hjelp:Koordinatar.js

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slik ser funksjonen ut på nb.

Koordinatar.js er ein tilleggsfunksjon som hjelper brukaren med å setja inn geografiske posisjonar i artiklane.

Installasjon[endre | endre wikiteksten]

Gå til Spesial:Innstillingar og vel «tilleggsfunksjonar». Kryss no av for «Koordinatar: Skript som gjer det greiare å leggja inn koordinatar» og klikk «lagre».

Etter lagring kan det vera turvande å sletta mellomlageret til nettlesaren for at funksjonen skal byrja verka. Mozilla og Firefox: trykk Ctrl-Shift-R, Internet Explorer: Ctrl-F5, Safari: Cmd-Shift-R i engelskspråkleg versjon, Cmd-Alt-E i norskspråkleg versjon, Konqueror og Opera: F5.

Rettleiing[endre | endre wikiteksten]

  1. Gå til http://maps.google.com/
  2. Zoom til staden der du ynskjer å henta inn koordinatane frå. Pass på at staden er midt i biletet. Du kan velja kva som skal vera midt på biletet ved å høgreklikka på kartet og velja «Center map here»
  3. Trykk på «Link», heilt til høgre på skjermen og litt over midten
  4. Under boksen merkt «Paste link in email or IM» står det ei lenkje på forma http://maps.google.com/?ie=UTF8&ll=39.487085,-101.25&spn=11.897417,28.564453&t=h&z=6. Merk denne teksten og kopier han (Ctrl-C på Windows, Epletast+C på Mac)
  5. Gå til artikkelen der du ynskjer å leggja inn koordinatane og klikk på «endre»
  6. Lim inn teksten du kopierte i steg 4 (Ctrl-V på Windows, Epletast-V på Mac) i feltet til høgre for eller under knappen «Set inn koord»
  7. Trykk på «Set inn koord», og det vil koma opp ein ny mal i artikkelen. Denne vil sjå ut omtrent som «{{koord|39|29|13.506|N|101|15|0.0000|W|type:landmark|vising=tittel}}»
  8. Attarst i malen står det landmark. Ordet som står her vel zoomnivået lesarane vil hamna på når dei klikkar på lenkja som malen lagar. For bygningar er landmark bra, men for byar og andre større einingar ynskjer ein helst eit lågare zoomnivå. Sjå Wikipedia:Geografiske posisjonar#Type for ei liste over ting ein kan byta ut landmark med.
  9. Når ein er viss på kva for eit zoomnivå ein vil ha, lagrar ein sida. Samandraget «Legg til koordinatar (sjå Hjelp:Koordinatar.js)» vert laga automatisk, so om ein i tillegg til å setja inn koordinatane gjer andre endringar i artikkelen, bør ein endra samandraget til noko som høver betre med endringane ein gjorde.
  10. Eit bilete av ein globus og eit sett med koordinatar kjem no opp øvst i høgre hjørnet av artikkelen.

Implementasjon[endre | endre wikiteksten]

Løysinga er implementert i MediaWiki:Gadget-Koordinatar.js, og er gjord tilgjengeleg i Spesial:Tilleggsfunksjonar gjennom å leggja til * Koordinatar|Koordinatar.js i MediaWiki:Gadgets-definition med ein skildrande tekst lagd inn i MediaWiki:Gadget-Koordinatar.